Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag

Tekst: Ingunn Moi

Fargerike blomster i Guds hage

Vi har tre nøtter til Askepott. Her er tre fine fortellinger fra virkeligheten – på leir, hjemme og i Nepal.

Med farmor på leir

«Eg er litt redd for å reise på leir aleine eg, så eg har farmor med!» Han fortel det frimodig og utan å skjemmast! Og eg er den heldige farmora som får vera med på leir. –som får oppleve glede og liv og røre! Eg får vere på sidelinja, men midt i det flotte som skjer når 45 ungar ,7-9 år er i lag med 20 ungdomsleiarar og nokre få litt meir vaksne leiarar. Det er på Stemnestaden det skjer. Det er adventsleir.

Ikkje alle har vore på leir før. Ikkje alle er så vane med å synge for maten og sitte på samlingar og høyre fortellingar frå Bibelen. Det er plass til alle på Stemnestaden. Eg merka meg nokre detaljar. Alle barna fekk sin eigen ungdom å forhalde seg til. Her skulle ingen bli oversett! Dei på kjøkken hadde tenkt på kven dei skulle servere mat til. Det var både kakao og sjokoladepålegg. Men ikkje bare det: Påleggsfata var like fint pynta som om det var kresne vaksne som var gjester! Det er så skikkeleig! Eit gjestfritt hus har utan at dei veit om det hatt englar til gjester, står det i Bibelen! Og jammen trur eg det var ein del englar som tok imot gjestene og!

Ungdommane gjekk på kvart einaste rom og bad kveldsbøn eller song med barna. Det var trygt og godt. Og etter gode dagar var det ikkje vanskeleg å få ro på internata! «Kjære Gud, eg har det godt!»

Etter den siste Bibelsamlinga rekte ein gut handa i været og fortalde at han hadde ein kamerat i klassen som sa han ikkje trudde på Jesus! Det er nok ikkje bare den eine i klassen det er slik med. Fleire finn kanskje ingen som trur verken heime eller blant vennene. Så godt det då er å vera på leir, midt i fellesskapet av Guds barn, midt i Guds kjærleik og omsorg. Første kvelden fekk dei klart illustrert at midt i kvardagen, midt i alle aktivitetar, arbeid og liv, der er Jesus, i oss og rundt oss.

Kjenner du nokon som har vore på leir? Eit barn som trur? Våg å vera fellesskap i lag med dei. Nokon treng deg!

Lær av barna!

Mamma og pappa hadde frihelg og farmor og farfar fekk vera ilag med barnebarna på 3, 6 og 9. Mykje leik og hygge, gode lesestunder og fellesskap rundt bordet. Fiskepinnar med ketchup gjekk ned på høgkant! Og når bolledeigen var klar var 6 ivrige hender med og knadde og trilla.

Søndag morgon følgde me instruksen og las frå barnebibelen etter at skjever og knekkebrød var unnagjort. Eg hugsar ikkje kva teksten gjekk ut på, men det som skjedde etterpå har brent seg fast i minnet:

«Farmor du må finna bildene!» Farmor forstod ikkje heilt. «-Du må finna bildene bak i bokå!» Og der, bak i bibelboka låg ei bunke med julekort med bilete av ungar og familiar, slekt og venner. Bunka gjekk frå barnehand til barnehand, og alle tre valde seg ut eit bilete. Så sette dei seg stille med falda hender og bad for desse som var på bileta.

Det var då det gjekk opp for meg at desse julekorta var verd kvar krone dei har koste, både i kopiering og porto. Det var også verdt alt strev og stress for å få dette gjort. For resultatet var at dei utløyste forbøn utover året.

La oss lære av barna og bruke julekorta/takkekorta i forbøns-tenesta!

«Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda.»

Ta av deg skoa – du står på heilag grunn!

Regnet trommar på paraplyen, samtidig som sola varmar godt. I ein eller annan retning kunne me heilt sikkert fått auga på ein regnbue, men augene må sjå ned på stien. Den er bratt og sølete og glatt, så ein må trø forsiktig. Det er ingen larm , bare naturen sine eigne lydar frå fuglar og sirissar, og elva som brusar nedst i dalen.

Me er i Okhaldhunga i Nepal. Har hatt ein interessant dag på sjukehuset der me har fått oppleve kvardagen der. Me har møtt pasientar og personalet  og kjent på gleda over at dette sjukehuset finns. –At desse folka finns, som står på for å hjelpe, ikkje bare lege sjukdom, men møte menneske med alle deira behov. Dei gir så mykje og me ser at det blir tatt vel imot. Me har møtt pasientar og pårørande som har sett ord på kva det betyr å få komme hit.

Og så er me på ettermiddagstur over til motsett side av dalen. Me går på litt skjelvande føter over hengebrua, følgjer stien, først nedover, så oppover. Innimellom møter me menneske. Ein eldre kar som gjæter to bøflar. Nokre barn i grå skjorter og mørke bukser er på veg heim frå skulen.

Følget vårt har stoppa opp. Me står utanfor eit lite skur med bølgeblekktak. Er det hit vi skal på besøk? Me tar av oss dei sølete skoa og stig inn. Augene må venne seg til mørket der inne. Skuret er lite og enkelt. Det er ei slags seng der inne, det er alt. Me set oss på golvet, tett i tett for å få plass. Midt mellom oss er ei dame, så smilande at ho strålar. Me er i heimen til Lila Maya, og ho viser tydelig at ho er så stolt av å få så mykje besøk! Og ho er stolt over heimen sin! Ho har ikkje alltid hatt det såpass. Ho har opplevd å bli kasta ut av mannen sin som ikkje ville ha henne der lenger. Det har vore ein lang og slitsom kamp. Men ho har møtt nokon som kunne hjelpe. Ho har møtt nokon som har vist henne vegen til Jesus. Ho har møtt dei på sjukehuset og i kyrkja i Okhaldhunga!

Lila Maya serverer oss bananer, og ho gir med glede. Ho er rik, fordi ho har så mange gjester! Kva skal me gi igjen? Jo, om me kan vere med og synge, og takke og be? Det blir ei heilag stund. Me er 15 rike nordmenn som går ut av hytta, endå rikare! Me tar på oss våte og sølete sko. Me har vore på heilag grunn!