Fordi du er viktig

Tekst/foto: Gjermund Lygre / Aud Vihovde Hoftun

Elise Frønsdal Øyen og Sara Bjørndal syng på temasamlinga.

Torsdag 12. april hadde vi ein lærerik temakveld på Stemnestaden. Guro Brakestad, lærar på Solborg folkehøgskule og med i eige firma-samtaleverkstedet, underviste om: Du er viktig. Om kommunikasjon og relasjon mellom vaksne og ungdom. Dette gjorde ho på ein framifrå måte.

Guro Brakestad oppmuntra til å snakka med neste generasjon om kva ein kunne gjort annleis utan å gå i forsvar. Det er ikkje eit nederlag å be om tilgjeving, tvert i mot er det med å skapa openhet og trygge relasjonar. Ungdom treng overkommelege forbilde – vaksne som vågar å vera sårbare og viser vilje til å innrømma eigne feil. Noko av det beste ein kan gjera for neste generasjon er å bli betre kjend med seg sjølv, ta vare på seg sjølv og bli medviten på eigne følelsar. Gjennom undervisninga blei me som var med på kvelden oppmuntra til å snakka sant om livet og til å leva i ein sunn balanse mellom forventningar og ressursar. 

Her er nokre visdomsord frå undervisninga:
Ungdom treng overkommelige forbilder, menneske dei kan sjå opp til og lære av, truverdige rollemodellar.
Vi som vaksne må våge å vise sårbarhet, våge å fortelje om vårt liv, frå vårt liv og slik vise at ikkje alt har gått på skinner i vår ungdom eller går på skinner no.
Eit godt spørsmål vi som foreldre kan stille til våre barn/ungdomar. Kva kunne vi gjort annleis i vår omgang med deg? Kva kan vi gjere annleis?
Som foreldre er det aldri for seint å prøve å gjere noko nytt.

Guro oppfordra oss til å gå saman med ungdomane i smertene. Ikkje all smerte kan lindrast straks, men vi kan vere der saman med dei. Mange smerter går også heldigvis over! Og til slutt understreka ho viktigheita av å kjenne oss sjølv og reflektere over eige liv, forstå oss sjølve. Då er vi betre rusta til å hjelpe andre. Elise Frønsdal Øyen og Sara Bjørndal gledde oss med vakker song og musikk.