Guds rike veks

Tekst/foto: Gjermund Lygre

Agenda1 i Mali er inne i andre fase. I mars var det samlingar to stader med godt oppmøte og god stemning.

Den første samlinga skjedde på bibelskulen. Det var godt oppmøte og god stemning. Under lovsongen den eine dagen tok det heilt av. Det vart mykje god song og mykje glad dans til pris og ære for Gud og til glede for fellesskapet. Den eine gruppa etter den andre ville bidra. Kyrkja har ein dyktig diktar og songar som og ville framføre nye songar saman med eit lite kor frå kyrkjelyden.

I rapportane kom det fram gode vitnemål om at Gud er på ferde. Fellesskap blir styrka. Omsorga for kvarandre aukar. I ein kyrkjelyd er det eit merkbart større engasjement for å få med fleire på gudsteneste. Passive medlemmer har blitt oppsøkte og oppmuntra og menneske med positive relasjonar til kyrkja og kristne har blitt invitert.

Ei positiv misunning har ført til at mennene i ein kyrkjelyd har byrja å samla seg regelmessig i heimane to gonger i månaden. Dei hadde lenge sett at kvinnene gjorde det, dei såg omsorga og gledene kvinnene delte saman. No har dei lagt planar om å auke antall menn og antall heimar dei har samlingane i. Fleire vil ha del i fellesskapet og gleda.

Den andre staden var samlinga på eit vakkert katolsk senter. Det var ei flott ramme for samlinga som vi også der hadde over to dagar. Den andre dagen sat soldatane og passa på oss og mange katolske ungdommar som skulle ha leir. Dei hadde bede om vakt, då dei var rundt 300 som skulle samlast, og kunne då vere eit ”attraktivt mål” for terroristar..

Vi fekk og der høyre om godt arbeid som var gjort og nye spennande planar. Menneske hadde opplevd bønnesvar. Ein kristen bror hadde på samlinga i oktober bedt om forbøn for helsa. Han kunne glad vitne om at nyrene som hadde valde han mykje smerte var heilt frisk. Andre fortalde om levande omsorgsfellesskap som fungerte i glede og i sorg.

Vi fekk og høyre frå oppfylgjerane, eller superviseurar som vi kallar dei, som gjorde mykje godt arbeid. Dei kunne fortelje om at dei vart tekne godt imot, fekk mat, overnatting og hjelp til det dei trengde hjelp til. Folk og fellesskapa er glade for å få besøk og glade for å bli utfordra. Oppfylgjinga er kjempeviktig og ein av grunnane til at vi trur at dette arbeidet skal bere meir og meir frukt.

Det er store utfordringar i Mali i år. For det første har vi uroa i nord. Midt i Mali har uroa auka og no ser vi og auka etnisk uro. Regntida i fjor var dårleg mange stader og det fører til matmangel og hunger. Det er og ein aukande bekymring for vannmangel både i houvdstaden og på landsbygda. Som om det ikkje skulle vere nok er det også presidentval i juli. Då har du mange bønne emner!