Astrid Tveit Hop

Tekst/bilde: Gunn Bjørg Slåtto

Astrid Tveit Hop bak disken. Grethe Gamst er kunde.

Astrid Tveit Hop er ein av medarbeidarane våre på Galleri Normisjon Aksdal. Ho har oppgåva si i butikken og har vore der eit år nå. Eg tok ein liten prat med henne.

Du spurde eit år på førehand om du kunne få lov til å vera med på Galleri Aksdal når du vart pensjonist, kva som gjorde at du sende ein slik «søknad»? Korleis kom du på at du ville vera med?

Det er gjerne snakk om å planlegge pensjonisttilværelsen. Eg hadde eit ynskje om å finna aktiviteter der eg kunne vera til nytte, og samstundes få vera i ei teneste der eg og fikk møte menneske. Eg har i ulik grad vore knytta til Santalmisjonen, og seinare Normisjon , heilt frå unge år, og kjende på at arbeidet i Galleri Normisjon var noko eg hadde lyst til å vera med på.

Så veit eg du tenkte som Pippi: «Dette har eg ikkje gjort før, så det kan eg sikkert». Korleis har du hatt det dette året på butikken?

Det var vel kanskje mest eit ynskje om å vera så trygg som Pippi – det å våga seg ut på ein ukjent arena – å kjenne på at det å verta pensjonist opnar for nye muligheter.

Eg føler at det er svært meiningsfullt å vera med. Eg gler meg til dagane på butikken. Det oppstår iblant praktiske utfordringar . Men eg opplever at det er lett å be om hjelp, og ingen sure miner om eg «tabbar meg ut». Det er mykje oppmuntring å få.

Du brukar fritida di på dette, kva gir det deg?

Det er spanande  å vera med. Som regel  er det kome nye varer sidan sist eg var der. Det er og spanande kva dagen vil by på av mennesklege møtepunkt. Iblant kan ein prat rundt kaffikoppen utvikle seg til  ein samtale som blir så meiningsfull at det fyller meg med glede over å få lov å vera  ein del av dette arbeidet.

Kva er det kjekkaste du gjer ein dag på butikken?

Det å møta kundar som tydeleg gir uttrykk for at butikken for dei er ein viktig sosial arena. Å oppleve at det blir satt pris på at du ser kunden, og tek deg tid til ein liten prat over kaffikoppen.

Ellers er det kjekt å flytte på varene, og finne gjenstandar som «kler kvarandre», og framhevar kvarandre. Og sjølvsagt er det kjekt når me har hatt godt salg.

Kven er kundane?

Det er alle slags folk, alle aldrar, frå ulike sosiale lag.

Kva er det finaste vi har på butikken akkurat nå, tykkjer du?

«Den blå hylla» inneheld mange fine gjenstander som eg nyt synet av.

Kva er det raraste du har selt?

Eg hugsar vel spesielt ein pyntegjenstand som hadde stått lenge, og som eg aldri trudde ville bli seld.  Eg har forstått at min oppfatning av kva som er salgbart kan slå svært feil ut. Smaken er så forskjellig.

Kva spør kundane etter?

Alt frå deler til kaffisett som dei har, gryter og eggeglass m.m.   Møbler som tar liten plass er også etterspurt. Ellers kan det vera mange ulike ynskje.

Har du funne varer her som har vore spesielle for deg og som du har kjøpt sjølv?

Ja! Det har blitt ein del kjøp. Eg hadde nett knust ei fin skål som var mykje i bruk. Like etterpå fann eg ei slik skål i butikken.

Har du ei spesiell oppleving du vil dela?

Ein  av dei «faste» kundane, som ofte kjem og handlar, og ofte leverer varer. Ho set seg alltid ned med ein kopp kaffi. Før ho kom denne dagen, hadde ho vore innom blomsterbutikken og kjøpt ei kostbar plante med ein flott potteskjular.  Det var ei gåve til butikken. Det var hennar måte å visa at ho set pris på Galleri Normisjon.