10:13-festivalen

Foto: Magnus Straume
Tekst: Ingunn Hoftun

Tysdag 7. august 2018 fekk eg vera ”observatør” på 10:13-festivalen på Horve.

Eg hadde høyrt mykje om festivalen fordi nokon av ungdommane har eg hatt i heimen. Eg har sett kor mykje dei har jobba med førebuing.

Då me kom til Horve vart me møtt av smilande born og ungdommar.  Frukosten var nett ferdig og det var tid for møte/bibeltime. Den starta kl.10:13 og då me kom til møteteltet, sto det lang kø for å koma inn. Det var eit fantastisk syn.

Etter møte var det Horve OL. Då stilte alle opp med gjengen sin og gjekk  i tog for å tenna OL-ilden.  Det var mange kjekke ”OL-greiner” og til slutt premiering.

Vidare var det ”trivselstid”.  Då kunne deltakarane velje mellom ulike aktivitetar. Det var bading, vannsklie, hoppeslott, sumobryting, bruskasseklatring, klatring, luftgeværskyting og mykje anna kjekt.

Borna var delt inn i gjengar og kvar gjengleiar hadde ansvar for 5-7 born. På den måten sikra dei at alle vart sett.  Fantastisk å sjå så mange born samla på ein stad utan å oppleva ”slåssing” og uro.

Middagen den dagen var taco. Då var det å stille seg i kø igjen. Over 400 born og unge skulle eta, så køen var lang, men ingen sure fjes å sjå.

Arrangementet er stort. Det krev mykje av leiargruppa. Dei er ikkje ansatt, men brukar fritida/ferien sin på dette viktige arbeidet.  Det var flott å sjå alle ungdommane som vil tena Jesus på denne måten.

Leirpresten var god å formidla Jesus.

Det  var ein godt organisert festival der det var stort fokus på trivsel, glede og JESUS.

Tenk at dette skjer i vår region.

Takk til alle som brukar tida si på å gi Jesus vidare til borna på denne kjekke måten.

Takk Gud.

Gud velsigne arbeidet og kvar og ein!!

Ingunn Hoftun