To av dei unike

Elise og Henrikke ivrer for leir.

Tekst/bilde: Kjersti H Bjerga

På Stemnestaden har me mange engasjerte flotte ungdommar. Mange av dei er leirleiarar, og her kjem eit intervju med to som og sit i Acta styret i Rogaland.

Kva betyr det for deg å vera med som leirleiar?

– Henrikke: Eg brenn for misjon. Dette er misjonsarbeid i mindre målestokk, men minst like viktig. Eg likar og å treffa nye folk i alle aldrar, noko eg får gjera som leirleiar. Eg får i tillegg utfordringar som eg veks på, og trua mi vert styrka.

– Elise: Det å vera med som leirleiar må vera eit av dei beste vala eg har teke i heile mitt liv! Å formidla bodskapen om Jesus er veldig viktig fro meg. «Jesus Kristus til nye generasjoner og folkeslag» er noko eg lever for. For mange barn er det vanskeleg å stå fram som ein kristen og mange føler dei er åleine og ikkje veit korleis dei skal få bli betre kjent med Jesus. Berre det at eg stiller som leiar på leir, viser ungane at dei ikkje er åleine som kristne. Å vita at eg kan hjelpa nokon å finna Jesus, visa Hans godhet og at det går an åå leva eit liv med Jesus, gir meg eit skikkeleg energikick!! Det varmar hjarta at eg får lov å vera med på noko så viktig, og i tillegg så får eg utfordringar som styrkjer trua mi og som lærer meg meir om kver eg er som person.

Korleis opplever du det å få koma til Stemnestaden?

– Det er som å koma heim! Eg kunne ha budd der om det var mogleg.

– Å koma til Stemnestaden er som å koma heim! Eg plar kalla Stemnestaden for min andre heim. Det er ein god plass å koma til, og i tillegg til å vera leirleiar så jobbar eg på kjøkkenet på Stemnestaden, som gjer at eg er der mykje utanom leir og.

Korleis er det å vera ein del av leirleiarmiljøet på Stemnestaden?

– Dei er som min andre familie. Eg er så ekstremt glad i dei alle, og me har eit utruleg sterkt band. Me er ikkje berre ilag på leirar, me prøver og å finna på ting saman ein del utanom. Me har blant anna tradisjon for å feira nyttår ilag.

– Leirleiarmiljøet på Stemnestaden er som ein familie. Då eg blei med som leirleiar var det godt å kjenna at eg var komen til ein plass kor det er lov å vera kristen, uansett om ein er sterk eller svak i trua. Eg føler meg så heldig som får vera ein del av dette miljøet fordi sjølv om vi alle er ulike så er vi alle samansveisa. Eg gruar meg aldri til å finna ut kven eg skal vera leiar saman med på leirar fordi uansett kven eg skal på leir med så veit eg at eg vil føla meg inkludert og tatt vare på. At vi har fått dette gode miljøet betyr mykje for mange, derfor har vi også fått fleire med oss som leirleiarar nettopp fordi dei har høyrt så mykje bra om leirane på Stemnestaden og det er derfro vi jobbar for å halda miljøet godt og samansveisa med at vi finn på ting utanom leir som å feira nyttår saman og gjera andre ting.

Elles noko du vil tilføye?

– Me held og kontakt nærmast dagleg gjennom sosiale medier.