50 år i Ecuador

Konfirmasjon i Juncal.

Tekst/foto: Åse Røsvik

For 50 år sidan landa dei første misjonærane frå Santalmisjonen  i Ecuador. Små kyrkjer vart planta og trusfellesskap vaks fram. Gjennom arbeidet vart det vist omsorg for heile livssituasjonen til folk, og respekt for kultur og språk.

Når dei førstekristne i Canjarbygdene fortel om si omvending, snakker dei om misjonæren som evangeliserte dei og om forfølginga dei opplevde.No har nye generasjoner vakse fram. Ved åpninga av ei nybygd kyrkje for eit par månader sidan, vart 12 ungdomar tredjegenerasjons lutheranarar konfirmert. Fleire av desse er universitetsstudentar og aktivt med i ungdomsarbeid og søndagsskule. Normisjon er lite kjend for dei, men dei har møtt Jesus og har større muligheter for framtida enn tidlegare generasjonar.

Frå starten satsa misjonen på utdanning. Som ei frukt av misjonen si tilrettelegging for studier,gjennom internatet «Verdens Lys» og stipendordningar, fekk mange ei utdanning:  agronomer, leger, lærarar, sjukepleiarar…. På internatet fekk dei ein god start, også som kristne.   Dette er ein arv som er ført vidare gjennom skolen i Tambo «Mushuk Kawsay».

Den lutherske kyrkja i Ecuador er framleis ung. Medlemane kyrkjene får ofte høyre at dei ikkje er frelst nok, fordi dei praktiserer barnedåp. Andre meiner at dei bør vende tilbake til den katolske moderkyrkja. I dette krysspresset er sunn, Jesus-sentrert forkynning viktig. Hovudfokuset til Bibelinstituttet er å støtte trusopplæringa, utfordre til disippelskap og utruste til leiaroppgåver. Oppdraget blir ført vidare i og gjennom den ecuatorianske kyrkja.

Flinke avgangselever.