Temakveld på Stemnestaden: Rom for ulikhet?


Hans Eskil Vigdel underviser om «Rom for ulikhet».

Tekst: Aud Vihovde Hoftun Foto: Gjermund Lygre

Å koma inn i eit lokale som duftar av nysteikt bakverk, setja seg ned for å lytta til vakker sang og musikk og ta imot undervisning som stimulerer til bevisstgjering og refleksjon, kan gjera godt i ein travel kvardag. Det var ein slik kveld Førresfjorden kyrkjelyd saman med Fermate / Normisjon Rogaland inviterte til på Stemnestaden torsdag 21. februar.

Diakon og forfattar Hans Eskil Vigdel tok oss med inn i temaet: Rom for ulikhet? Om ulike personlegdomstypar. Han løfta fram korleis ulike personlegdomstypar har forskjellig tilnærming til livet rundt seg og hentar inspirasjon gjennom ulike stimuli.

Ein del menneske hentar mest energi ved å vera i sosiale samanhengar og treng ytre stimuli for å blomstra. Andre har meir behov for tid aleine og hentar mest energi gjennom å trekkja seg tilbake. Dette er viktig å vera bevisst på for sin eigen del og for å forstå andre. Det er også verdifullt å snakka saman om dette på ulike arenaer. Ikkje minst er dette viktig med tanke på å byggja sunne og livskraftige kristne fellesskap.

Er der ein samanheng mellom det å bli bevisst på kven ein sjølv er og det å skapa rom for fellesskap som er prega av tryggleik og rikare livsutfalding? Å øva seg i å lytta og ta på alvor til si eiga stemme er kanskje nettopp ein forutsetning for eit større mangfald? Når kvar enkelt får mulighet til å blomstra som den ein er skapt til å vera, vil fellesskapet bli rikare. 

Hans Eskil Vigdel henta fram ein del eksempel frå boka si: Ingen introverte i himlen. Mange kjøpte også denne boka med seg heim. Så håpar me at livsfremjande prosessar kan fortsetja både på det individulle plan og i fellesskap rundt omkring i distriktet.