Fellesskap på tvers av generasjonar og bygdegrenser

Mykje liv i leiren når Suldalsfolk samlast på Stemnestaden.

Tekst: Aud Vihovde Hoftun Foto: Ole Jørgen Nøstbakken

For femtande år på rad arrangerte Normisjon saman med kyrkja i Suldal weekend på Stemnestaden sist helg. Rundt hundre suldølar, frå 0 til nokre og seksti år frå dei fleste grender i Suldal kommune sjekka inn for ei helg med påfyll for kropp og sjel.

Ei slik helg har plass til både leik og moro, god mat, uformelle samtalar og bibelundervisning. I år var Laila og Frode Helvig frå Stavanger med som talarar på samlingane for dei vaksne. Svanhild og Øystein Grødem frå Randaberg hadde hovudansvar for opplegget for ungdomane. Mange av dei lokale deltakarane var også i sving i ulike tenester.

Tema for weekenden  var «Større enn min lille sirkel». Å vera saman slik over fleire dagar betyr mykje for å styrkja trua og fellesskapet. Me trur at det får ring-virkningar i heimar, nærmiljø og vidare ut.