Digital basar i Jøsenfjorden

Sidan 1956 – då bedehuset var nytt – har det vore arrangert basar kvar skjærtorsdag i Jøsenfjorden. Basaren har gitt inntekt til drift og vedlikehald av huset som er i bygdefolket sitt eige. Huset vert nytta som bedehus og kapell, og husar m.a. yngres og «onsdagsskule».

Med koronaviruset kom også forbod mot å samlast, og påskebasaren som dei seinare åra har samla rundt 200 personar – kunne me berre gløyma. Det var då nokre av dei unge i styret kom på at me kunne arrangera digital basar! Loddsal vart lagt til Vipps (bedehuset skaffa vipps for to år sidan), kombinert med SMS til angitt mobilnummer med meir info om kven lodda skal førast på. Så blir det satsa på direkte sending frå bedehuset skjærtorsdag kl. 18, og Normisjon sin Kjersti Hausberg Bjerga har sytt for digital andakt (på plass i opptak). Basarkvelden blir det fleire kulturinnslag, og høve til meir loddkjøp før trekninga set i gong. Sidan hyttefolket er gode bidragsytarar til gevinster, men i år er forhindra frå å koma på hytta, blir det nokre gevinster som vert lodda ut i forma av gåvebrev eller gåvekort til seinare henting.

Har du lyst til å bli med på basaren, så følg med på www.facebook.com/josenfjorden. Der blir det gitt nærare opplysningar etter kvart. Du kan til og med kjøpa lodd via Vipps 126843, pluss namn til 40439120 – viss du vil ha litt spenning. 10 kr kosta eit lodd, så meir skal ikkje til for å vera med i trekninga som altså skjer på basaren 9.4. 2020 kl. 18.

Mvh Haldis K.Nilsen