Å vera (med)menneske i kriser

Tekst: Aud Vihovde Hoftun

Første veka i mars arrangerte Fermate saman med Førresfjorden menighet temakveld på Stemnestaden. Der var fokus: «Å vera medmenneske i kriser». Lite tenkte mange av oss då at ei så altomfattande krise var rett rundt hjørna.

Magnhild H. Helberg beskreiv i si undervisning møtet med ei krise som «å gå inn i eit nytt landskap der ein manglar meistrings-strategiar i forhold til det ein står oppi».

Dette er noko som mange vil kjenna seg igjen i nå om dagen. Når det som er kjent og trygt, ikkje er der slik som før, kan mange slags følelsar dukka opp. Gamle skuffelsar og vonde erfaringar tilbake i tid, kjem også lettare til overflata. Der skal gjerne lite til før ein blir vippa av pinnen. Ein kan ha problem med å kjenna igjen både seg sjølv og andre.  

I slike tider er det krevjande å vera menneske. Men kanskje det også er ei tid for å stoppa opp og møta oss sjølv på godt og vondt, ei tid for å vera sårbar og sann? Gjennom ærlege møte med oss sjølv, vil me også vera betre i stand til å møta andre. Også om ein ikkje alltid forstår den andre fullt ut. Det å øva seg i raushet både overfor oss sjølv og dei som er rundt oss, kan vera ei fruktbar trening.  Me gir kvarandre lov til å vera sårbare menneske som treng kvarandre. Det kan koma mykje godt utav det. Lukke til!