Sommeravslutning for Onsdagsklubben i Suldal

Leiarane i onsdagsklubben, med Ingunn Hoftun i spissen, vart takka for god innsats.

Tekst/bilde: Kjersti H Bjerga

Over 40 ungar og 12 vaksne fekk ein flott siste klubbkveld i strålande sol. Endeleg kunne alle få vera i lag på Onsdagsklubben att. Det var leik, pølser og brus, andakt ved Kjersti Bjerga og takk for innsatsen til dei vaksne leiarane og ikkje minst til Ingunn Hoftun som har leia barnelaget sidan 1983.

Til slutt var det trekning av gevinstar. Sidan basaren som skulle vore i mars ikkje blei, var lodda selt både på førehand i vinter og då det vart bestemt at trekninga skulle vera nå. Vel 27 000 kroner vert sende til Normisjon sitt prosjekt i Okhaldhunga i Nepal!!! Det er flott innsats av små og store i Suldal. Me seier tusen takk for innsatsen og midlene!