Ladestasjonar midt i Corona-epidemi og mørketid?

Tekst: Aud Vihovde Hoftun

“Når sant skal seiast, så går det rett og slett litt på stumpane for tida.” Dette er slik ein god del menneske beskriv situasjonen akkurat nå. Mykje er annleis og usikkert. Det er slitsomt å forhalde seg til. Mange opplever stort arbeidspress og har mykje å tenke på. Planar blir heile veien forandra. Det er mørkt når me står opp og mørkt når me kjem heim på ettermiddagen. Mørket gjer noko med oss. Energinivået blir lågare. Me kan med god grunn skulde på Coronatid og vintermørke.

Men kan slitasjen også ha med mangel på ladestasjonar underveis gjennom dagane? Slik som:

  • Dei enkle møtepunkta i lunsjpausen på jobb 
  • Drøsen over kaffikoppen med naboar og venner
  • Fellesskapet på samlingar og i smågrupper
  • Engasjementet rundt fritidsaktivitetar ein vanlegvis er med i
  • Fysisk aktivitet i treningsstudio, symjebasseng…
  • Påfyll gjennom kristen forkynnelse, sang og musikk…

Mykje av dette har vore meir eller mindre fråverande den siste tida. Gjer dette meir med oss enn me kjem på? Kan me rett og slett stå i fare for flatt batteri? Å vera menneske, handlar om å leva i ein sunn balanse mellom å gi og ta imot. Me treng ladestasjonar både for kropp, sjel og ånd. Kanskje det er tid for å stoppa litt opp og spørja: Kva for muligheter har eg til å lada batteria nå?

  • Eit brekk i dagen for å få lys og frisk luft
  • Ein tur i kveldsmørket aleine eller med eit anna menneske
  • Ein oppmuntrande telefonsamtale
  • Ei stund i stillhet heime eller ute i naturen
  • Eit pusterom med lytting  til undervisning eller sang og musikk gjennom kanalar som er tilgjengelege…

Det gjeld å oppdaga dei ladestasjonane som faktisk er mulige – trass i både coronatid og vintermørke. Kan ikkje dette vera ei god og nødvendig investering på vei mot advent og jul?