Pandemi i Nepal

Også lav-kastefolk i utkanten får hjelp i koronatider.

Tekst: Jan Magne Moi

Nepal er hardt råka. Landet er avhengig av turistar og av alle dei som arbeidar i utlandet og sender pengar heim til familien. No er turistane borte og arbeidarane i utlandet sende heim. Det betyr at det er mykje mindre pengar å rutte med, men langt fleire folk som skal leve av det vesle dei har.

Okhaldhunga sjukehus har førebudd seg på smitte og ser ut til å handtere den på ein god måte. Det er nok endå fleire som treng økonomisk hjelp også der. Dei er svært takksame for den støtta som kjem frå Normisjon når kollekt og gåver når fram til sjukehuset. Dette året har sjukehuset begynt eit program for å hjelpe menneske med handicap ute i distrikta i Okhaldhunga fylke. Det er menneske som treng hjelp og tilrettelegging. Teamet som følgjer opp dette, gjer eit framifrå arbeid.

Sherpa-folket har imponert meg. Kyrkja i Kathmandu har nytta internett på telefon og pc. Gudsteneste og fellesskap er vanskeleg når landet er stengt ned. Men ein kan nytte Zoom. Kvar morgon har dei bønnemøte og då kan dei ta del frå nord og sør, frå aust og vest. På Zoom kan ein dele opplæring og fellesskap. Det opplevast veldig trusstyrkande å høyre saman slik ved hjelp av internett. Nye let seg døypa og opplevingar med Gud blir delt. Det er fantastisk.