Det nyttar å be

Helga Hausken – en trofast forbeder.

Tekst/bilde: Aud Vihovde Hoftun

I starten av det nye året kjem Helga Hausken på besøk til Kraftsenteret på Stemnestaden. Som fritidsforkynnar i Normisjon gjennom mange år, har ho vore ein del av fellesskapet på stabsmøta i nordfylket. Ho har ofte inspirert til bønn.

Me har avtalt ein samtale om nettopp dette med bønn. Helga fortel at dette er noko ho har levd i frå ho var lita. Som 10-12-åring fekk ho eit Europa-kart på rommet sitt heime i Bjerkreim. Ho begynte å be for dei ulike landa og folkeslaga. «Dette var ei naud som Gud la ned i hjarta mitt,» seier ho.

Handslag frå himmelen

Etter kvart flytta Helga til Torvastad og gjekk inn i ein ny kvardag med familieliv og gardsdrift. Midt i travle dagar opplevde ho at menneske rett som det var dukka opp i tankane hennar. Ein dag blei ho minna sterkt på ein slektning, som budde på ein annan kant av landet. Ho kjende samstundes på ein djup smerte og begynte å be. Dagen etter spora ho opp telefonnummeret og tok kontakt med denne slektningen. Det viste seg at ho var i ei djup livskrise. Telefonen frå Helga opplevde ho som direkte handslag frå himmelen.

 Gjennom eit langt liv har ho erfart mange slike episodar der andre menneske har blitt lagt på hjarta hennar. Nokre gonger har ho tatt kontakt med dei det gjeld. Andre gonger har ho vore i forbønn i det skjulte. Til tider har ho kjent at dette kan vera ein tøff og einsam kamp. Men ho veit at dette er ei teneste som Gud har ført henne inn i. Inspirasjonen til å stå i denne tenesta finn ho i Guds løfte.  Mange gonger har Gud gitt henne konkrete ord medan ho har vore i bønn. Ho har sett at Gud har grepe konkret inn i vanskelege situasjonar. Men ho har også opplevd at der ikkje har skjedd nokon synleg forandring. «Eg veit at det skjer likevel alltid noko med det som blir lagt i Guds allmaktshender,» seier ho med overtyding. Det gir både kvile og mot.

Tillitsfull barnetru

«Har du Helga sjølv hatt bruk for at andre har bedt for deg?» spør eg etter ei stund. «Å, ja, svarar ho. Ho fortel om ein gong for ein del år tilbake då ho skulle ta ein operasjon. Legen hadde førebudd henne på ganske sterke smerter etter at bedøvelsen gjekk ut. Dette grudde ho seg til. På denne tida var Helga søndagsskulelærar. Ho fortalde søndagsskuleborna om det som skulle skje og spurde om dei ville be for henne. Ho vakna etter operasjonen utan at dei intense smertene kom. Tvert imot sov ho betre enn vanleg første natta etterpå.  Dette delte ho på ei samling med borna og foreldra ei stund seinare, og ho takka for forbønn. Borna strålte av glede og stolthet. Dei hadde fått ei konkret erfaring med Gud og i tillegg opplevd å vera med på noko viktig. «Ofte har borna ei meir tillitsfull tru enn oss vaksne», føyer ho til.

Fellesskap i bønn

Det å ha eit fellesskap der ho kan be saman med andre har også betydd mykje for Helga. Blant anna møttest ho og to naboar på faste tidspunkt til frukost og bønn over lang tid før koronatida. Dei delte personlege bønneemne og bad for bygda og misjonsarbeidet. Det var ein god ide, tenkte eg. Samtalen med Helga går mot slutten. Eg kjenner at det å ha fått eit gløtt inn i litt av hennar trusvandring gjennom livet, har gitt inspirasjon til å rekna med ein levande Gud midt i kvardagen sine utfordringar.

«Spør etter Herren og Hans makt» står der i Salme 105,5. Kva betyr det i året som ligg framføre?  Sjølv om både livssituasjon og teneste i Guds rike er ulik, så treng me alle oppmuntra kvarandre til bønn. Sørg for å ha nokon å dela dine bønnebehov med! Våg å ta på alvor når du blir minna om å be for menneske rundt deg eller for nokon langt borte!

For dei aller fleste av oss, er det lettare om ein har nokon å be saman med. Korleis kan dette sjå ut i ditt nabolag eller lokale fellesskap? Her vil forholda vera forskjellige, men ver på leit etter kva som er mogleg der du bur.

Velkommen til bønn

Du er også velkommen til å vera på samlingar på Salem, Ganddal, på tysdagar kl.8.30-9.30 eller på Kraftsenteret, Stemnestaden, på onsdagar  kl. 12-13 om du har høve til det. Ta også gjerne kontakt for å dela bønneemne når du har behov for det. Det nyttar å be!