Galleri Normisjon Aksdal

Rita Førland betjener en fornøyd kunde.

Tekst/foto: Ingunn Moi

Når 2022 blei avslutta hadde me sett fleire nye rekordar. Den eine var i auke på medarbeidarar. I løpet av hausten dukka den eine etter den andre av «unge pensjonistar» opp og hadde lyst å bli med på laget. Det har gjort det enklare å få vaktlista til å gå opp. Me har eit stort og godt medarbeidarfellesskap. Kundane som kjem inn i butikken blir møtt av blide og førekomande folk.

Den neste rekorden er på inntektsida. Trass i at butikken har vore mindre tilgjengeleg på grunn av vegarbeid utanfor, har kundane funne vegen. Kva folk kjøper? Alt mulig, men servise og kjøkkenting toppar lista, kanskje fordi det er det me har mest av? Småmøblar er også populært.

I mannekroken set me slikt som me tenker mannfolk kan like å få med seg. Damer er også sjølvsagt velkomne. Men vareutvalet har vore litt skralt. Det ligg nok langt inne for karane der ute å rydde i garasje og kjellar og gje slepp på alt som ligg der og ikkje blir brukt. Herved er oppfordringa gitt!

I Galleri Aksdal ser me stort på den diakonale sida ved verksemda. Mange einsame kjem inn og treng å bli sett, få eit smil og møte nokon som har tid til ein liten prat.. Andre nyt å gå rundt og sjå på gamle ting som vekker minne. I tider med mange nye landsmenn og mange med dårleg økonomi er det også godt å vera eit billig og godt alternativ.

Du finn oss på både Facebook og Instagram. Me set pris på alle som trykker på liker-knappen og dermed er med på å spreie informasjon om butikken vår. Det er gratis og når ut til mange.

Inntektene blir delt mellom Normisjon, Stemnestaden og sjukehuset i Okhaldhunga. Alt arbeid er dugnad, og det er mange som gir uttrykk for glede ved å vera med og bidra.