Påske – høgsesong for basarar

Frå krybba til korset.  Illustrasjon på basar på Nedstrand 04.04. Laga av Ståle Hustoft.

Tekst: Aud Vihovde Hoftun

Påskeveka er ei tid med mange tradisjonar. I ein del bygder i Rogaland har det i mange år vore vanleg å samlast til misjonsbasar. Etter fleire «stille» år med korona ser det ut til at dette har tatt seg skikkeleg opp igjen. I Kjølvik i Suldal sprengde både frammøtet og resultatet som blei innsamla til Normisjon, alle rekordar. Midt i ei lang helg får fastbuande, hyttefolk og påskegjester i alle aldrar ein møteplass, som mange ser ut til å setja stor pris på. Dette er også ein unik mulighet til å nå ut med påskebodskapen om Jesus som gav livet sitt for oss.

Spenning under trekninga på basaren i Kjølvik 6. april.

Også på Nedstrand var der sprengfullt hus då barneforeninga inviterte til basar i påskeveka. «Frå krybba til korset» blei formidla både verbalt og visuelt.

Til saman blei det samla inn over 80 000 kroner i løpet av desse 2 samlingane. Dette handlar om «Jesus til nye generasjonar og folkeslag».