Seniorarbeid i Normisjon
Normisjon er glad for alt arbeid som blir gjort av og for seniorar.
Seniorar er ei viktig gruppe for Normisjon på fleire måtar.
Fleire stader har ein spesielle arrangement for seniorar.
Dei kan ha ulike namn: 60+, Vi over 60, Drøset, Eldres hyggestund og så vidare. Opplegga er ulike frå stad til stad.
Erfaringa er at det er mange som til vanleg ikkje går i kyrkje og bedehus som kjem på desse arrangementa.
Normisjon sentralt har laga ein idébank for seniorarbeid i Normisjon med forslag og tips om korleis ein kan arrangera slike samlingar. Idébanken finn du om du går inn på https://www.normisjon.no/content/uploads/sites/18/2022/03/Seniorprogram-20212022.pdf
I Normisjon region Rogaland er det ein seniorkomite som har arrangert seniorsamlingar på BådeOg i Sandnes, på Horve og på Solborg.
Me veit at det er fleire foreiningar/forsamlingar/Norkyrkjer i Rogaland som har eit aktivt og godt seniorarbeid.
Me i seniorkomiteen i Rogaland vil oppfordra til at fleire tenkjer gjennom om dei skal starta opp med slikt arbeid.
Einsemda kan vera stor for mange i denne aldersgruppa. Ei samling spesielt for denne gruppa kan vera til hjelp og glede for mange.
Seniorkomiteen i Normisjon region Rogaland