Menn som bygger; beskyttar og bevarer
Tekst: Kristian Auestad, Norkirken Vigrestad
Det er noko spesielt med å vere samla saman som kristne brødre. Den 5.-7. september samla Norkirken og Misjonssambandet på Vigrestad 65 menn i alle aldrar til Mannsweekend på Horve. Når så mange menn er samla skal det sjølvsagt fortærast mykje god mat i form av bakt potet, biff og kjøttkaker. Men det viktigaste var den åndelege føda me fekk del i. Jarle Mong talte om Guds mannsvisjon ut frå Nehemja, som var med på å bygge opp att murane i Jerusalem for å forsørge og bevare Guds folk. Ut frå eit stødig og støttande mannsfellesskap fekk me oppmuntre kvarandre til å stå like stødige i tenesta som Nehemja. Som menn som bygger, beskyttar og bevarer det som er godt, og på den måten fremjar Guds rike i familiane og på arbeidsplassane våre. Erfaringa av å stå saman i bøn som Guds stridsmenn anten ein er 16 eller 66 år er noko me tek med oss vidare heilt til neste mannsweekend. Me er takknemlege for det Gud gjorde i hjarta til kvar enkelt denne helga! Og for god mat, sjølvsagt.


