Ivrig i tenesta

Tekst/foto: Gjermund Lygre

Aadama, en god og tro medarbeider.

Aadama er blitt glad i Agenda 1. Eg sat ein dag ute i gården og prata med han om det vi hadde fått vore saman om på Agenda 1.

Vi var begge med på dei to samlingane. Han var teknisk mann, tok opp undervisninga slik at vegleiarane kan få repetert undervisninga og få hjelp til å fylgje opp gruppene på ein best mogleg måte. Eg, Gjermund, var tolk, og vegleiar for grupper i løpet av Agenda1-samlingane.

Når eg spør Aadama kva han opplever som si oppgåve som vegleiar for gruppene så er han ikkje i tvil om at han må først av alt oppmuntre og heie på gruppene han har fått ansvar for. Aadama er tydeleg på at han vil be for gruppene sine dagleg, han vil ringe dei, bruke facebook, og vere tilgjengeleg om dei har ting dei lurar på. Han veit at han må lytte godt og mykje for å kunne forstå kva dei held på med og han ynskjer å leite etter spor av arbeid som er gjort og rose dei for det som er gjort. Om dei spør om hjelp skal dei få det, men han er tydeleg på at han ikkje skal gjere jobben for dei, men heie på dei slik at dei vert sette i stand til å gjere det dei har planlagt.

Aadama understrekar at vegleiarane må be for og med kvarandre, og vere villige til å spørje om råd når ein møter ting ein ikkje forstår eller ikkje veit korleis ein skal gripe an.

Han vil besøkje gruppene fleire gonger før neste samling i mars. Det første besøket vart avtalt kort tid etter Agenda1-samlinga. Kontakten og relasjonen er der og det lovar godt for ei god oppfylgjing.

Lat oss be for Aadama og dei andre som er med på Agenda1 i Mali.