Nehemja – gjenreise knuste murar

Nehemja, munnskjenken til Kong Artaxerxes nyt det komfortable livet ved hoffet i Persia i ca 445 f.Kr, men vert knust av meldingane som kjem frå Jerusalem. Dei tilbakevendte jødane frå eksil har ennå ikkje klart å bygge opp att Jerusalem sine murar. Gud utrustar Nehemja til å gjenreise Jerusalem sine knuste murar, men også til å kalle eit fryktfult og identitetsforvirra folk tilbake til eit liv med Gud. Vi møter alle utfordringar i livet – store og små. Korleis reagerer vi då? Kva gjer vi? Korleis held vi koken når motstand kjem? Vi også møter knuste murar; i samfunn, relasjonar og eigen psyke. Gud er ein skapar og byggjar og kallar oss til å likne han. Nehemja kan lære oss. Her finn du smågruppeopplegg med undervisning knytt til preikeserien «Nehemja – gjenreise knuste murar».


1: Bøn, Nød og ein Gud som arbeider
Nehemja 1,1-4 og 2,1-8.

Tale av Vegard Tennebø

2: Pengar, Forvaltarskap og ein Gud som Gjev
Nehemja 5,1-13

Tale av Vegard Tennebø

3: Konflikt, Karakter og ein Gud som Kjempar
Nehemja 6,5-16

Tale av Vegard Tennebø

4: Livet, Lovsongen og ein Gud som Talar
Nehemja 8,5-12

Tale av Vegard Tennebø

5: Håp, løfter og ein Gud som forsørger
Nehemja 9,19-21.

Tale av Vegard Tennebø

6: Tru, Lydnad og ein Gud som er Trufast
Nehemja 10,29-39

Tale av Vegard Tennebø