Det kristne fellesskapet

Andakt av Anna Marie Skogli Vatnamo | Dagleg leiar Innvik Fjordhotell

Kva er eit kristent fellesskap? Kva kjenneteiknar det kristne fellesskapet? Kven er dei som er med der? Korleis fungerer det kristne fellesskapet der du bur?

I Apostelgjerningane 2, 42-47 les vi om det kristne fellesskapet slik det var rett etter første pinsedagen. Sjølv om sikkert ikkje dette fellesskapet heller fungerte heilt perfekt, er det likevel ei god oppskrift. Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane. Mange under og teikn hende blant dei. Dei heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde det dei åtte, og delte ut til folk som trong det. Dei åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei lovsong Gud og var godt likte av alt folket.

Det manglar ein del på at våre fellesskap er slik, og det er ikkje praktisk mogleg eller nødvendig å ha det slik heller. Men vi kan lære litt av korleis desse første kristne levde saman.

Vi er ofte misnøgde med dei fellesskapa vi er ein del av. Det er så mykje som skulle vore annleis. Vi synest kanskje at dei som leiar møta, er for trege, eller for uryddige, eller kva det no er. Forkynninga skulle vore annleis, etter vår meining. Songane er ukjende, eller for gammaldagse, eller for moderne. Nokre er for lange og nokre er for korte, og nokre er berre eit par vers som vi syng om att og om att. Vi er for få, vi er for gamle, vi er for……

Gud har valt seg ut og brukar oss vanlege menneske i si teneste. Han har ingen andre å bruke her på jorda no. Vi har ulik smak både når det gjeld forkynning, songar, møteformer. Men Gud brukar «det som ingen ting er», står det i Bibelen. Difor kan han faktisk bruke slike som deg og meg.

Det viktigaste med det kristne fellesskapet er Han som er hovudpersonen, nemleg den treeinige Gud. Det er Han vi er samla om og Han har lova å vere til stades der to eller tre er samla i Hans namn. Han har skapt oss, Han har frelst oss gjennom sin Son, Jesus Kristus, og Han har utrusta oss med Den Heilage Ande. Vi treng det kristne fellesskapet. Gud greier seg for så vidt utan. Han har gitt oss til kvarandre, for at vi skal ha eit fellesskap der vi kan hente styrke som kristne. Vi treng kvarandre, sjølv kor ulike eller ueinige vi er.

Ein annan stad i Bibelen står: «Sjå kor dei elskar kvarandre». Kan verda seie det om oss i dag?