Guds omsorg for oss

Andakt av Katarina Aabrekk, tidlegare Actamedarbeidar.

Vi har ein stor Gud! Han er heilag og har all makt. Skaparen av himmel og jord. Han har skapt kvart menneske i sitt bilete. Han kjenner oss og elskar oss med ein evig kjærleik. Ein kjærleik og ein omsorg som eg ikkje forstår, men som det er godt å få vere i. Han ønsker så gjerne å ha fellesskap med oss. Guds kjærleik og omsorg kjem tydelegast til uttrykk gjennom det Jesus gjorde for oss på korset. Vi vil aldri kunne gjere oss fortente til Guds frelse, men Gud strekte ut handa si og gav oss frelsa i gåve, i trua på Jesus Kristus.

I trua på Jesus har vi fått eit liv saman med Gud – her på jorda og vidare i det evige livet. Gud har omsorg for oss her i kvardagen vår, og Han ønsker vi skal stole på at Han alltid er med oss. Og eg veit eigentleg at det er sant; at Gud har omsorg for meg, veit kva eg treng og har ein plan med livet mitt. Men så kjem kvardagen, med små og store motbakkar. Av og til kan livet by på utfordringar vi ikkje veit om vi klarer. Av og til blir det for mykje å bere på. Vi kan bli slitne, trøytte, frustrerte, leie, redde, motlause, einsame. Og ofte når ting blir for vanskelege, så baskar eg med dei sjølv, og kavar meg gjennom. Eg gløymer å løfte blikket. Gløymer å hugse på Han som er sterkare enn meg og problema mine, og som kjenner hjartet mitt. Han som seier: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» Matt 11,28.

Eg høyrte ei historie om ein liten gut. Han hadde ein far som ofte var på reise, og som ofte kom heim med bussen. Når faren kom, stod guten og venta på busstoppet. Faren hadde med seg ei reiseveske, og guten spurte alltid: «Pappa, kan eg få bere veska di, så kan du bere meg»? Guten følte seg sterk som klarte å bere veska, og det var ikkje før seinare han forstod at den som verkeleg var sterk, var faren, som bar både veska og guten.

Gud er sterk nok til å bere både oss og det vi ber på. Når bagasjen vår blir for tung, er det lov å spørje om hjelp – både frå Gud og frå menneske. Vi er ikkje åleine. Jesaja 40, 28-29: «… Herren er den evige Gud som skapte endane av jorda. Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten, og ingen kan utforske hans forstand. Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke».

Guds omsorg og nåde for sine barn tek aldri slutt. Han er trufast – kvar dag!