Til deg – smågruppeopplegg

Vi lev i eit samfunn som har varierande grad av respekt for ei religiøs tru. Mange tenkjer at t.d. kristendom er ein utbrukt ressurs – den har hatt si tid, gjeve det den kan gje, og har ikkje meir å tilføre moderne menneske. No veit vi betre, og vitskap, filosofi og velstand gjev oss det vi treng. Men er dette sant?

Kva lengtar vi etter? Kva treng vi i livet vårt? Og finnast det behov som er uavhengig av livssyn?

Ja, det er faktisk nokre behov som vi, fordi vi er menneske, deler med kvarandre og som difor ikkje handlar om kva tru vi har eller kva vi tenkjer om åndelig røyndom. Denne serien trekk fram 5 slike ting som vi alle treng og som vi ikkje kan leve utan. Desse er:

Meining, Tilfredshet, Fridom, Identitet og Håp

Kristen tru gjev ikkje berre ei veldig god forklaring på kvifor desse behova er store ting i liva våre, men kan møte dei betre enn noko anna livssyn!


Her finn du alle dei 5 samlingane i serien «Til deg» i PDF-format


1: Meining
Joh 1,1-5 og 14-17

Kva er meininga med livet? Dette standardfilosofiske spørsmålet ser vi gjerne på som ganske så pompøst. Gjennom generell kvardagslig travelhet kan vi klare å sjå vekk frå det spørsmålet til ei viss grad. «Nei, sånt går ikkje eg å tenkjer på», vil vi kanskje seie.

Men fakta er at meir enn du trur i livet ditt, orienterar seg rundt kva du opplever gjev meining. Kanskje tenkjer du ikkje over det, men kva grunnar gjev du deg sjølv for å stå opp om morgonen? Kva kriterium vurderer du om denne dagen er velbrukt eller misbrukt når du legg deg om kvelden?

Kan meining skapast eller må meining oppdagast? Bibelen seier begge delar, men dreg oss mot den djupaste meininga som finnast: nemlig intimt kjennskap til universets Logos – Jesus Kristus. Han er og gjev ei meining som vi ikkje berre kan søke etter i det abstrakte, men som kjem oss i møte i det konkrete, og som ingen hendingar i det konkrete kan røve frå deg. Jesus gjev meining.    

Tale av Vegard Tennebø

2: Tilfredsheit
Joh 6, 25-35

Har du opplevd å vere ordentleg, heilt ekte fornøgd nokon gong? Alle menneske har eit behov for å bli fylt opp, ja løfta opp. Vi har ein ibuande hunger i oss som drive oss ut i verda. Enormt mykje tid i livet går med på å leite og søkje opp «eitt eller anna» som kan mette oss – sløkkje tørsten vår: tilfredsstille oss.

Behovet bur inni oss, men vi forstår at om vi skal dekkje det, krev det at vi vender oss til noko utanfor oss sjølv. Så vi smakar på ulike aktivitetar, flyttar inn i ulike roller, prøver ut ulike substansar, søkjer gjennom reiser og turar, leitar i forhold og i bragder etter det som kan mette oss.

Men Gud skapte oss. Og han skapte oss til seg sjølv, og han skapte oss for å trekke tilfredsstilling ut av samværet med han. Jesus seier om seg sjølv at han er livets brød. For ein kristen er dette ein fantastisk realitet. Det er Jesus; samværet med han, det han gjev og det han har gjort som tilfredstillar vår djupaste hunger.

I han kan vi bli tilfredse og metta.

Tale av Hildegunn Gjesdal Tennebø

3: Fridom
Joh 8, 31-37

Fridom er DEN store fortellinga for vestlig kultur. Kanskje er det slik at individuell fridom er den einaste heltehistoria vi har att i vår tid. Vi feirar dei som går sin eigen veg, beundrar dei som gjer uhilda individuelle val og ikkje bryr seg om andre sine forventningar.

Fridom vert gjerne sett på som fråværet av avgrensingar slik at eg kan leve ut behova og ønska mine. Men er dette sant? For vi har alle behov og ønskje som står i konflikt med kvarandre. Til dømes: Du kan ha ønskje om å bli usannsynleg sprek, men samtidig er lysta til å liggje på sofaen og drikke cola like stor. Dermed er fridom ikkje fråvær av grenser og avgrensingar, men dei riktige grensene. Jesus knyt ekte fridom til to ting: Sanning og seg sjølv. Sanninga om meg og mi synd og Jesu kjærlige korsdød for deg. Og kjærleikens vesen er slik at ein gjerne gjev opp nokre av sine fridomar for å leve i fridomen som kjærleiken gjev. Jesus, i kjærleik, gav livet sitt for oss, og seier: I trua på meg vert de verkeleg frie.

Tale av Steinar Saltbones

4: Identitet
Joh 10,1-3 og 11-15

Kven er du? Det store altomfattande prosjektet i eit moderne Norge er å bygge seg ein identitet. På den eine sida er det eit enormt privilegium, på den andre sida eit massivt press. Og alle kulturar gjev nokre system for slik identitetsbygging: eit sett med verdiar, rammer og forventningar som i regelen er skjult for oss – dei er følt, meir enn dei er oppi dagen. Vi les oss ikkje til desse strukturane, men plukkar dei opp gjennom filmar, musikk, politisk klima og kulturens uskrivne «likes and dislikes». Så ein fullstendig fri og uhilda identitet innanifrå er ein illusjon. Noko(n) der ute gjev deg eit namn, seier kven du er.

Jesus seier om seg sjølv at han er den gode hyrdingen – han som kjenner sine, og som kallar dei ut – med namn. Jesus kan og vil gje oss eit namn, men han gjer det ikkje på ein uklar, filosofisk og abstrakt måte, men ved å legge ned livet sitt for oss. I han kan vi finne verdi og ei kjensle av eit «meg».

Tale av Vegard Tennebø

5: Håp
Joh 20, 24-29

Håp er ein så viktig ting for oss. Du og eg lev mykje meir på basis av håp enn vi forstår. Håp har to komponentar i seg, grunnleggande sett: Lengsel og forventning. Du har lengslar, og dermed har ein også forventningar til korleis desse lengslane skal bli møtt – og dermed har du håp. Og då forstår vi kor djupt kritisk, og kor totalt tragisk det eigentleg er dersom noko er håplaust. Då er det over. I vårt norske språk er nok håp litt meir ullent: det utrykker noko usikkert. Vi håpar det blir fint vêr i morgon. Vi håpar vi får det vi ønskjer oss til bursdagen vår – men sikker, det er vi ikkje – vi håpar.

Men håp i bibelen er annleis. Det greske ordet håp er elpis: det tyder «sterk forventning». Det Hebraisk ordet er Tikvah, som tyder «sterkt tau» – noko som er fast og som held deg fast og som kan dra deg trygt i land. Så håp er noko du er sikker på vil kunne tilfredsstille dine djupaste behov. Difor vert det grunnen for at du lever. Vi er uunngåeleg håpdrivne skapningar. Den kristne bodskapen er eit bodskap om den oppstadne Jesus, han som vann over døden. Difor måtte Tomas møte han. Og fordi han er oppstaden kan du møte han, og han kan bere alle dine håp.

Tale av Andreas Tjomsland