For Gud – smågruppeopplegg

Kristne har ofte ei intuitiv forståing om at livet mitt, som ein kristen skal bære preg av trua. Vi har ei forestilling om at vi vil eller bør leve «for Gud». Og det er ikkje så rart, for Jesus kalla til seg læresveinar og sa: « Følg meg!»Og det gjer han med oss også.

Men korleis vil eit slikt liv sjå ut? Svaret på det vil i stor grad henge saman med kva bileter du har av Gud. Kven er han, denne guden du lev for? Kva rolle gjev du han i livet ditt?

Her er moglegheitane mange, og det er ikkje gitt at bibelens Gud og ditt bilete av han er eitt og det samme. For våre gudsbileter har ganske mange kjelder, og er informert frå ulike hald – ikkje minst frå eigne ønskjer og samtida sine verdiar.

Nokre vil ha ein Gud som er ein god kompis eller ein slags terapeut som kan hjelpe til når psyken slår seg litt vrang. Men Gud er heilag.

Nokre føler at Gud er distansert, kanskje rimelig uinteressert i meg og mitt. Men Gud er kjærleik.

Nokon vil tenkjer at Gud er ein trivelig, klok bestefar som står klar med gode råd når det røyner på og heldigvis ser igjennom fingrane med det meste: Men Gud er rettferdig.

Andre vil sjå Gud som ein streng sjef som krev mykje og som lønner etter innsats. Men Gud er nådig.

Atter andre vil gjerne forholde seg til Gud som eit konsept, ein verdibasert idé som synast å fungere som ei overbygging over livet. Men Gud er levande.

Bibelen teiknar eit samansett, dynamisk og dels komplekst bilete av Gud. Som menneske har vi ein tendens til å gjere Gud meir eindimensjonal enn han er. Men å leve som etterfølgjarar av Jesus, er å sjå Han meir og meir slik Han er, lære å kjenne han og hans vilje meir og meir. Denne serien ønskjer å løfte fram nokre karaktertrekk med Gud som kanskje kan kvalifisere og hjelpe oss i våre gudsbileter. Kva vil konsekvensane av eit slikt Gudsbilete vere, heilt konkret i liva våre? For kristne ønskjer å leve «for Gud». Ein heilag, kjærleg, rettferdig, nådig og levande Gud.



1: Livet med Han som er … Heilag
Jes 6, 1-8

Gud er ein heilag Gud. Han er annleis, utskild, adskild – ikkje berre på toppen av eit eller anna, men utanfor alt. Han er ubestridt, uendelig og difor dels ubeskriveleg, iallefall usammenliknbar. Jesaja gjer eit forsøk og søkjer skildre korleis eit møte med Guds herlighet var for han. Og i denne skildringa, prega av mektige utrykk, ropast det høgt frå himmelske vesen: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot – medan jorda buldrar.

Guds hellighet brenn vekk alle trivielle og forflata forsøk på å kontrollere eller nyttiggjere oss av Gud, som om han var eit middel mot eit mål eller eit verktøy i hendene våre. Jesaja sin reaksjon? Den einaste logiske: Han fell til jorda og tenkjer det er ute med han. For i møte med Guds hellighet blir ein ting klinkande klart: Eg er ikkje heilag! Eg kan ikkje matche Han. Ærefrykt, respekt, lydnad og håp om godleik og nåde er naturlige og naudsynte reaksjonar på Gud. Å leve for Gud er å føre eit liv med denne grunnkjensla i trua.  

Tale av Hildegunn Gjesdal Tennebø, mars 2019

2: Livet med Han som er … Kjærleg
1. Joh 4, 7-21

Gud er kjærleik. Han er Fader, Son og Heilag Ande, bunde saman i fullkommen kjærleik. Og han elskar oss menneska. Alt som er blitt skapt har kjærleiken som opphav og naturlig endestasjon. Det gjer at kjærleiken ikkje berre er Guds gode kjensler i retning oss, eller våre fine følelsar i retning Gud eller kvarandre. Kjærleiken er grunnhaldninga om å opne opp og famne om alle, også når det kostar. Kjærleiken er tenande handling for andre sitt ve og vel, sjølv om prisen er høg. Kjærleiken er at Gud sende Sonen sin til soning for alle våre synder.

Og Guds kjærleik er blitt fullendt i oss når vi kan stå forran ein heilag Gud på den siste dagen, ikkje med frykt, men med frimodighet. Tenk det! For kjærleiken driv frykten ut. Å leve for Gud er å leve i denne kjærleiken. Kvar dag. I møte med vener og med dei eg ikkje likar. I møte med dei som er like meg,  men også i møte med dei som har heilt andre verdiar, verdsbileter og som er så ulik meg.

Tale av Andreas Tjomsland, april 2019

3: Livet med Han som er … Levande
Luk 24,13-34

Av og til i livet for Gud, kan han kjennast fjern. Gud, som vi trudde skulle gjere bestemte ting i livet vårt, gjorde ikkje akkurat det vi hadde tenkt. Så vert vi forvirra. Det er ei vanleg og normal kjensle i det kristne livet. Guds fråvær får oss til å lengte etter Hans nærvær. Men uansett kjensler eller ikkje: Gud ER! Han er levande. I vår forvirring kan vi av og til gjer Gud om til eit intellektuelt konsept, ei nødvendig forankring for moral, positive verdiar eller ideologi for politisk revolusjon. Men Han er Gud – Han er levande. Difor er å leve for Gud alltid eit liv i relasjon til Han. I bibel og bøn, i måltidsfellesskapet som opnar augo våre for at Jesus lever, i fellesskapet med andre kristne. Joda, vi ber på livets ubesvarte spørsmål og skuffelsar og forhåpningar, men vi får gjere det samstundes som vi erfarar at Gud grip inn, at Han syner seg som levande. Å leve for Gud er å stole på at han har makt til å føre deg fram dit du skal, til dei du skal – For Han lever!     


Livet med Han som er … Rettferdig
Jes 11,1-10

Ein ganske vanleg frase i alle småbarnsheimar er: «Det er urettferdig». For hukommelsen er selektivt innstilt på å hugse alle gongane ein kom ufordelaktig ut av ein situasjon, medan søskena fekk det mykje enklare. Urettferd er når det er eit misforhold mellom slik det er og slik det burde vore. Og du skal ikkje sjå lenger enn til eige liv før ein oppdagar at: joda – det er plenty av urettferd. Gud er ein rettferdig Gud – det betyr at Gud alltid vil adressere misforholdet mellom slik det er, og slik han, i sin gode skaparvilje, vil at det skal vere. Gud set ting i rett stand att, fører menneske inn i ein rettferdig relasjon til seg og medmenneske.


Livet med Han som er … Nådig
Salme 51,1-14