Opne hender – smågruppeopplegg

Opne hender – serieskildring i PDF-format


1: Opne hender – til teneste eller forteneste?
1. Tim. 6, 6-10 og 17-19

PDF-utgåve til utskrift

Paulus minner Timoteus om korleis han skal rettleie dei i menigheten som meiner at fordi dei er rike, så har dei Guds velsigning og fått fatt på det verkelige livet. Tåpeleg, men ikkje heilt uvanleg. Men rikdom er på ingen måte ein indikator på kor mykje du er verdsatt av Gud. Materiell rikdom blir fort heller erstatninga, surrogatet for det verkelege livet. Vi blir jo født utan ressursar, og ingen kan ta med seg noko på reisa vidare. Når vår verkelige rikdom ligg i kven vi er og kva vi har fått i trua på Jesus, frir det alle midlar vi måtte ha til å bli noko vi raust, takksamt og livgjevande kan dele, ikkje noko vi tviheld på som om det stod om nettopp sjølve livet. Pengar i seg sjølv er ikkje farleg, kjærleiken til pengar er farleg. Vi er kalla til å elske Gud, ikkje pengar, ha vårt håp i Guds omsorg og plan for liva våre, ikkje det pengane og velferda kan gje oss. Kjelda for livet og trua er og blir Gud. Difor kan vi leve raust.

Tale av Andreas Tjomsland

2: Opne hender – mot fellesskapet
Apg. 4, 32-37

PDF-utgåve til utskrift

Ein av dei slåande tinga med dei første kristne, og noko av svaret på korleis evangeliet spreidde seg så raskt, var deira fellesskapsliv. Dette var ikkje berre enkeltmenneske som delvis hadde samanfallande interesser og difor danna ein koseklubb eller møttes til ein slags hobby. Slik dei kjende Gud gjennom Jesus var det naturlegaste i verden å gå «all in». Heile meg, alt eg er og alt eg har. Dei selde ting, gav heile seg til fellesskapet av dei som hadde møtt og trudde på Jesus. Dette gjorde menigheten til eit mektig middel for å gjere godt i samfunnet. Gjennom menighetens raushet og vitnesbyrdet om Jesus kom stadig nye til tru. Poenget for oss er kanskje ikkje selje alt vi eig, men å sjå og forstå at vår vilje og evne til å helle våre ressursar inn i det fellesskapet vi kallar vårt, gjev fart og kraft til oppdraget vårt og tyngde til truverdet som vitnar om han som elska verda og gav seg sjølv for oss. Difor gjev vi.


3: Opne hender – men mot kven?
Luk 6, 31-38

PDF-utgåve til utskrift

Guds godleik og raushet er radikal. Den rettar seg ikkje berre mot dei flinke og greie, dei som verkeleg trur sterkt og oppriktig eller dei som har fortent eller kan yte tilbake. Gud har delt sin livsande med alle og gjeve Jesus Kristus som ei soning for alle våre synder. Han er grenselaust raus. Men det må då vere grenser, må det ikkje – for vår raushet? Kor langt bør og kan vi strekke oss? Kor tid har vi delt nok? Og ikkje raus mot alle, vel? Kristen raushet vil alltid sikte mot det radikale, og nettopp difor kan den bli anklaga for å vere anten naiv, eller overveldande, eller begge delar. Men gjevargleda stig ut av relasjonen til Gud, og har eigentleg ikkje tanke på om mottakar fortener det eller kan betale tilbake. Dette er veldig annleis! Her er ikkje kalkulerte transaksjonar av ytelsar og motytelsar. Ekte raushet er blind for om eg likar eller ikkje likar mottakarane. Skal vi då vente ingenting tilbake? Jo, det skal vi få lov til. Gud har allereie gjeve oss alt, og ein dag skal vi, ansikt til ansikt med Jesus, få i bøtter og spann. Og her og no skal vi få gleda over å sjå korleis di og mi gjevarglede kan endre hjarter, menneske og situasjonar.

Tale av Vegard Tennebø

4: Opne hender – tilbake til Gud
Mark 12, 13-17 og 41-43

PDF-utgåve til utskrift
Tale av Andreas Tjomsland (06.10.19)

Kva vi brukar pengar på er alltid eit bilete på kva vi verdset og anerkjenner. På alle måtar fungerer forbruket vårt som ein spegel på våre verdiar, haldningar og prioriteringar. Dei to episodane frå dagens bibeltekst, sjølv om dei er ulike, viser akkurat det veldig tydelig. Ein av dei mest grunnleggande reaksjonane på eit møte med Gud og ein varig relasjon til Jesus, er ønskje og lysten om å gje tilbake. Ikkje som betaling, men meir som ei positiv takknemlighetsgjeld. Så korleis skal vi prioritere mengde og storleik på gjevartenesta vår? Gud er først og fremst ute etter hjarta våre, ikkje pengane våre. Han vil ha heile deg. Og han har gjeve heile seg så du skulle skjøne at det er trygt å gje han heile deg. Han vil ta imot deg og sørge for deg. Vår livsstil som økonomiske aktørar, inkludert vår gjevarteneste, er såleis ein spegel, eit bilete på mi og di grunnhaldning til Gud. Og Hans grunnhaldning til oss. For ingenting har vi fått alt, og av vårt eige gjev vi tilbake – til Gud.