Jona – smågruppeopplegg

Serieskildring i PDF-format

Jona er ei lita bok i bibelen, kun 4 korte kapittel. Og det er ei merkeleg,
dramatisk og fasinerande historie om profeten Jona, som i store delar av boka
har ein måte å vere på og tenke på som vi ikkje forventar av profetar. Boka er
annleis enn alle andre profetiske bøker i GT på denne måten: det er ikkje
bodskapen Jona får som er poenget, det er Jona og historia om Jona som er
poenget. Poenget er iallefall ikkje berre ei barnefortelling om ein stor fisk.
Menn som Jona var Guds talerør inn i det folket Gud hadde valt seg ut, og med
den rolla – som profet – kjem også ei forventing til ein livsstil og eit blikk på
menneske rund seg som speglar Guds hjarte på ein særskilt måte. Jona er i
dette svært mangelfull, for å seie det mildt. Han har forakt for dei menneska
han vert sendt til. Han vil ikkje lyde Gud, men prøvar å stikke av. Gud gjev
likevel ikkje opp Jona og hentar han inn att. Og akkurat når vi trur Jona har
skjønt noko, fell han stadig tilbake i dårlege mønster og gløymer det Gud
tålmodig har prøvd å lære og vise han. Han er småleg, trongsynt, stolt, har
nasjonalistiske tendensar og ser ned på andre. Han er rett og slett ein fyr som
kjempar med retning og lydighet, oppdrag og kall, nåde og omvending,
Gudsbilete og sjølvbilete og mange, mange fleire ting.


Dette utfordrar: Kjenner vi oss ikkje igjen? Om vi er ærlege: Dette er jo oss,
også – og våre liv? Det gjer Jona til ein vi kan spegle oss i, la oss korrigere av.
Tenk at om vi kunne skjønne endå meir av kor mange måtar Gud ønskjer å nå
igjennom til oss på, for å leie oss til å leve liv som er til velsigning for andre?
Jona boka vil utfordre oss til å ta ein ny kikk på oss sjølve, og spørje: Lev eg det
livet Gud kallar meg til? Går eg Guds ærend i denne verda, eller går eg min
eigen veg og mæl mi eiga kake? Jonaboka vil også invitere oss til å få eit nytt
blikk på Gud, han som bergar ufortent i stormen, som har nåde og miskunn for
alle menneske og kallar oss til å vandre med Han.


1: Jona – Misjon og kampen med kallet
Jona 1, 1-3

PDF-utgåve til utskrift

Dei første versa i Jona set scena for heile boka. Jona er ein profet, son til Amittai, som verka under Kong Jeroboam ca. 750 f.Kr. Herrens Ord kjem til han og han vert sendt ut på oppdrag til den Assyriske hovedstaden Ninive, ei dåtidig stormakt og eit absolutt barbarisk og valdeleg folkeslag. Men allereie i dei første versa skjønar vi at dette ikkje er ei vanleg profetbok, og at Jona ikkje er ein vanleg profet. Sjølv om han kjenner Gud og hans vilje, vil ikkje Jona gå Guds veg, men sin eigen. Kanskje var han redd, kanskje var det andre grunnar også? For kva vil skje om Israels Gud tilgjev Israels dødsfiende og ikkje vil dømme Ninive nord og ned? Så Jona stikk av i motsett retning.

Spørsmålet til oss alle er: Hadde vi valt annleis? Og svaret er vel i stor grad: Nei. På så mange, ulike måtar utfordrar også vi Guds kall og lever på tvers av det som er sant, rett og godt. Anten ved å beint ut gjere bevisste val på tvers av Guds vilje, eller ved å bli overrumpla av krefter i våre liv vi kanskje ikkje har eit bevisst forhald til, men som frå blindsona kontrollerer oss meir enn vi er klar over. Jona held opp ein ubehagelig spegel til oss og tvingar oss til å stille nokre sjølvransakande spørsmål.

Tale av Steinar Saltbones (20.10.2019)

2: Jona – Sløve, søvnige hjarte, og ein Gud som vekkjer
Jona 1, 4-16

PDF-utgåve til utskrift

Det er fleire ironiske lag med Jona sin flukt frå Gud. Kan ein rømme frå Gud, eigentleg? Han ender også opp med å dele eit skjebnefellesskap med den type folk han rømde for å sleppe å møte. Han ville ikkje til dei skitne, fæle hendingane i Ninive, men er omgitt av skitne, fæle heidningar på ein båt. Jona, sløv og søvnig går og legg seg i båten og er ute av stand til å bidra produktivt til noko som helst. Så overmanna kan vi verte av våre vegval, vår synd, at vi sovnar bort frå å bruke trua vår som ressurs for dei rundt oss, dei vi er i same båt som.
Men Gud sender ein sterk storm, og gjennom både stormen, kapteinen og mannskapet på båten vekkast Jona opp frå sløvheten. Desperate times calls for desperate measures. Han skjønar at han treng å ta ansvar for situasjonen han har hamna i og som han har påført sine medpassasjerar.

Jona byrjar å sjå desse utlendingane med nye auge – som folk. Og kanskje, i eit snev av medmenneskeligheit, eller kanskje i stolthet, eller er det resignasjon? – uansett motivasjon tilbyr i alle fall Jona sitt liv som berging for resten av båten. «Jonateiknet», der altså.

Tale av Hildegunn Gjesdal Tennebø (3.11.2019)

3: Jona – Erkjenningar i mørket – og samtalen med Gud
Jona 2, 1-11

PDF-utgåve til utskrift

Du har det sikkert slik du også: dei viktigaste og mest verdifulle leksene i livet lærte du ikkje når alt var enkelt, men når noko vart skikkelig vanskeleg. Jona har så langt vore alt anna enn ein helt, og definitivt ikkje ein gudfryktig profet. Heidningane sin oppførsel er på alle måtar langt betre enn Jona sin. Og han byrjar å forstå det sjølv, alle val er tatt, og han er no på veg ned i djupet. Men det er nåde under bølgene og Gud sender ein stor fisk for å berge han. Akkurat som det kan vere vanskeleg for oss å forstå korleis gode ting kan komme ut av vanskelige hendingar, er det også vanskelig for Jona å begripe kva som skjer. Men på veg mot botnen, når mørket lukker seg om han, vender Jona seg til Gud – i bøn. Bøn er mange ting, men først og fremst er det relasjon – samtale med Gud. Og i denne samtalen oppdagar Jona Guds nåde på ny – for sin eigen del. Og utan å vite korleis det kjem til å gå med han akkurat no, erklærer han at «frelse kjem frå Herren». Gud er for han. Slike erkjenningar i mørkt er ofte dyrekjøpt visdom; dei gjev både kraft og håp til å halde ut, og kan snu situasjonen.

Tale av Vegard Tennebø (17.11.2019)

4: Jona – Når Gud elskar dine fiendar
Jona 3,3 – 4,11


PDF-versjon til utskrift

Jona får ein ny sjanse og denne gongen går han lydig. På og med Guds Ord får han ein enorm respons på sin motvillige og svært korte beskjed til Ninive. Dei valdelege assyrarane reagerer med omvending og håp om Guds nåde. Men når Gud endar opp med å spare byen, går Jona fullstendig inn i depresjon. Han vil berre døy. Kvifor? Fordi Gud er ein mild Gud som er full av miskunn. Jona tåler ikkje at Gud elskar fiendane hans og held tilbake dom. Men det er jo akkurat dette karaktertrekket ved Gud som har gjort Israel til Guds folk, og som har berga livet til Jona frå stormen. Men no, når Gud konsistent syner same karaktertrekk mot dei som Jona har lagt for hat, blir han sint. Men Gud er ikkje berre Israels Paktsgud, Han er heile verda sin Skapargud. Igjen er Jona tilbake i fullstendig forvirring og Jonaboka sluttar med eit stort spørsmålsteikn. Det heng noko ubesvart i lufta. Vil denne profeten, som folka i Ninive, vende om? Vil Guds eigen profet forstå Guds hjarte for alle folkeslag og lydig bøye seg for Guds vilje? Vil vi?

Tale av Andreas Tjomsland (01.12.2019)