Nye fellesskap

I denne saka kan du lese om eit nytt fellesskap på Sandane, Møtepunkt B. Vi ønskjer å trekke fram dette av to grunnar.

Det første er: Alle som har starta ting veit at det krev mykje tid, mykje energi og mykje tilstedeværelse, spesielt i oppstarten. Relasjonar, kultur og roller og forventingar skal avklarast og fokus og prioriteringar skal setjast. Normisjon satsar på fellesskapsutvikling og dette er ei direkte frukt av denne satsinga. Det tyder at vi også prioriterer dette, som på kort sikt tyder at det er andre plassar vi ikkje kan få besøkt like ofte. Men på lang sikt vil dette nye fellesskapet, og for håpentligvis fleire med det, ta ansvar for sine omland med dei ressursane dei rår over. Og det er ganske så store ressursar.

Det andre er: litt av grunnen til at vi lykkast er at vi vågar å tenkje og handle breiare kring fellesskapet si sjølvforståing enn det vi kanskje tradisjonelt har gjort lokalt i Normisjon. Forsamlingsdanning og menighetsplanting har stått i Normisjon sine strategidokument i mange, mange år. Det svarar til nye trendar i samfunnet og nokre utviklingstrekk ved ei mobil samtid. Unge folk uttrykkjer andre og ganske tydelege forventningar til kva dei ønskjer å vere med på. «Alt under same tak» bedast det frå hektiske småbornsforeldre.

Dette utfordrar sjølvsagt eit tradisjonelt foreiningsliv som har levd som supplementsgrupperingar til kyrkja. Min observasjon er at spelereglane i denne «elipsemodellen i norsk kyrkjeliv» har gått unge folk hus forbi. Så kva gjer vi då, når mange unge er på leit etter det fellesskapet som kan vere heildekkande, der ein kan vere til stades med heile seg og ha som åndeleg heim for seg og sin familie? Jo somme stader, der det er rom og moglegheit for det, kan og må Normisjon svare. Fordi oppdraget vårt driv oss.

For oss handlar dette sjølvsagt ikkje om skepsis mot nokon, eller at vi no ikkje skal drive foreiningsarbeid lenger. Visst skal vi det. Men eg trur vi også må satse på og med dei unge. Og resultatet kan fort bli: fulle bedehus.

Tekst: Vegard Tennebø