Nye fellesskap er mogleg

Når barna har eigne samlingar, kjem den store kvite «Møba» og fylgjer dei ut – til glede for både små og store.

I det gamle bedehuset frå 1923 på Sandane har det siste året vore yrande liv. Det største barnelaget vi har i regionen har vekse fram. Over 2200 møtedeltakarar innom. Over 3000 timar frivillig arbeid nedlagt. Korleis har dette skjedd? 

Alt dette fordi Normisjon har gjeve rom for eit nytt fellesskap.

Møtepunkt B vart namnet.
– Ikkje fordi vi synest det var så innmari stilig, men fordi det sa noko om kva vi ville vere: Eit møtepunkt på Bedehuset – eit møtepunkt mellom Gud og menneske, og på tvers av generasjonar, seier Vegard Tennebø, fellesskapsutviklar og initiativtakar.

Sjølv om Møtepunkt B la til rette for at trivselen skulle vere høg for barnefamiliane, har ikkje dette ekskludert andre grupper. Pensjonistar, ungdom og folk i ulike livssituasjonar har funne seg godt til rette i det nye fellesskapet, som samlar rundt 110 stk til møte kvar 14 dag. Andreas Tjomsland, som m.a. er forkynnar i fellesskapet, seier:                  
– Møtepunkt B er blitt storfamilie for oss, og som tilflyttarar kjennast kanskje det ekstra viktig. Samtidig er det eit fellesskap som er både så Jesus-sentrert og ope at det er lett å invitere folk inn i det.

Men kva er Møtepunkt B?          
Møtepunkt B er best skildra som eit fellesskap, men eit fellesskap som kanskje tenkjer breiare rundt kva det må bety i vår tid. Bileta frå Bibelen om kva kyrkjelyd er, har vore eit naturlig utgangspunkt: – Då ser vi at det handlar om disippelgjering og evangelisering, forkynning og undervisning, bøn og brødsbryting, tilbeding og lovsong i rammene av eit fellesskap som høyrer til Jesus og kvarandre. Vi er ikkje eit fellesskap som er definert av arrangement, aktivitetar og program, men søkjer å finne gode måtar å saman leve ut dette biletet som Bibelen gjev oss, seier Vegard.                    

Visjonen til Møtepunkt B er «Jesu kjærleik, for våre bygder gjennom våre liv» og seier noko tydeleg om intensjonen om å gjere ein positiv forskjell i Nordfjord.

Difor er det mange ulike fellesskapstypar og storleikar i Møtepunkt B: det store møtet, mange smågrupper, ulike tenestegrupper, bøn og lovsongskveldar, samlingar for ulike tenestegrupper, som t.d. forkynnarar og møteleiarar, ulike utrustningskveldar m.m.    

Involvering i teneste og innsats  
Vegard meiner at kristne fellesskap ikkje er noko dei få lagar til for dei mange, men at så mange som mogleg skal få vere med og forme og bidra. – Vi trur på det allmenne prestedømme i Normisjon. Når eg møter nye folk er eg alltid nysgjerrig på kva det menneske ber med seg av kvalitetar og utrusting. Mi erfaring er at fleire heller vert glade enn fornærma når vi spør om dei vil vere med å bidra. Det er godt å kjenne at det er behov for oss. På den måten vert fellesskapet felles skapt.

Og det er kanskje det som slår deg, om du skulle forvilla deg inn på ein møte: mykje folk i arbeid: nokon styrer lyd, andre spelar i band og syng, ein gjeng lagar mat, ein leier møtet, ein annan forkynner, nokre er forbedarar og tekstlesarar, andre riggar og lager til. Eli-Anne sandal Birkelund er ein av dei mange som har ei teneste: – Eg syns eg er heldig som får lov å bidra på Møtepunkt B. Eg trur den frivillige tenesta kan vere noko av grunnen til at eg aldri føler meg som ein tilskodar når vi møtast, men som ein del av eit fellesskap, der det godt å kome – som ein er.

Nye folk får forme sitt eige
Møtepunkt B har evna noko som ikkje så mange har fått til. Ein har lykkast i å knytte til seg mange menneske som ikkje kjende Normisjon frå før. Grunnane for det er nok samansette, men ein av dei er at ein gav dei nye rom til å skape og forme sitt eige. – Den vanlege haldninga vår er vel kanskje at vi håpar dei skal komme inn og ta over. Ein av grunnane til at dette sjeldan skjer, handlar om respekt og endringsvegring. Nye har respekt for det gamle og vegrar seg for å endre det. Når ein ikkje kjenner seg heime i noko, trekkjer ein seg heller ut. Men vi la til rette for ein prosess der vi gav løyve til å skape noko nytt, noko dei kunne kalle sitt, seier Vegard.

Ei har sagt det slik: – Eg fekk eit varm og inkluderande fellesskap å vere ein del av, godt åndeleg påfyll og ein møteplass der heile familien er velkommen og trivast. For Ørjan Brunstad og familien, var Møtepunkt B ein av grunnane for å flytte til Sandane og for at dei no har landa på at dei ønskjer å bli buande her:

-Eg har nok gått med ein liten menighetsplantar i magen dei siste åra, så når ideen om å flytte til Sandane kom på bordet og alt la seg til rette, undra eg meg om dette var tilfeldig. Møtepunkt B er eit varmt fellesskap som ynskjer alle velkomne, og det har vi verkeleg fått oppleve i haust! Møtepunkt B er blitt utruleg viktig for oss og var såleis av stor betydning for oss når vi nylig bestemte oss for å bli, seier Ørjan.

Lovsong             
Aina Lemming sit i leiargruppa og driv lovsongsarbeidet i Møtepunkt B. Ho seier: – Lovsong er veldig viktig fordi det er for meg ein naturleg kanal opp til Gud, kor eg kan lova, takka og be til han. Elles er lovsong av god kvalitet noko eg kan kvile i.

Aina er ikkje åleine om å skatte lovsongen på Møtepunkt B høgt, men representerer ein generasjon som har høge forventingar til nettopp lovsongen. og Gudsrelasjonen dette gjev. Difor er dette arbeidet prioritert høgt og Møtepunkt B har to store lovsongsteam.                                          

Smågrupper      
Disippelgjering er viktig: prosessen som modnar oss i etterfølginga av Jesus. Over 100 menneske er av den grunn med i forskjellige smågrupper. Ørjan Brunstad set ord på kvifor han meiner smågruppa er avgjerande: – Eit mindre fellesskap der ein kan spørje, dele og diskutere si eiga tru i ein fortruleg setting er viktig både for meg sjølv og for storfellesskapet. Å vere ei menighet og å tru på Jesus er jo ei vandring uavhengig om ein trur mykje eller lite, om ein har mange eller få ubesvarte spørsmål. Andreas Tjomsland seier det slik: – Smågruppa er staden der eg får vandre tett med folk som er ganske forskjellige frå meg, og møtet med bibeltekstane sporar oss til både spennande samtaler og praktisk innsats.

Det er fantastisk å sjå kva som får skje med folk som samtalar over ein open bibel. Det gjev uvurderleg livshjelp og trushjelp. Dei samtalane og relasjonane som blir til her, gjev forkynninga ein er saman om på bedehuset kjøt på beina i kvardagen. – Smågruppene omset til liv det vi er opptekne av, seier Vegard. – Fantastisk verdifult! 

(saka held fram under bildet)

Foto: Bjørnar Aske

Vegen vidare    
Problemet for fellesskapet no er for lite bedehus, og plassmangelen merkast med tre barnegrupper og ei stor gruppe vaksne i alle aldrar. – Eit luksusproblem, vi håpar fleire kan få erfare. Vi bidreg gjerne andre stader, seier ein begeistra fellesskapsutviklar.

-Det å etablere slike fellesskapsplattformar som vi har fått gjere på Sandane, og som vi også er i ferd med å gjere i Førde – som både legg til rette for tilhøyrsle og oppdrag, det trur eg er ein nøkkel for oss som Normisjon framover. Slik kan store fellesskap på nokre plassar bidra til å gje rammeverk og stimulering til mindre fellesskap på mindre plassar. 


Saka her henta frå Nytt frå Normisjon region Sogn og Fjordane nr 1-19.

Relatert: Blogg-artikkelen Nye fellesskap
Her kan ein sjå og høyre smågruppeopplegget