Lev av ordet
«Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut or Guds munn.» Jesus siterte dette verset frå Femte Mosebok då han vart freista av djevelen i øydemarka (Matt 4,4). Verset frå Skrifta gav han styrke til å stå imot freistinga. Sjølv bur eg i Bergen, som ikkje er nokon øydemark. Langt ifrå – nedbør har vi nok av. Men på Vestlandet òg kan livet av og til kjennast som ei ferd i øydemarka. Sjela kan tørste når vi ikkje har fått drikke av kjelda med levande vatn. Sjela kan hungre når vi ikkje har teke til oss næring frå Guds ord. I ein travel kvardag der vi skal balansera familie, jobb, frivillige verv og kyrkjeliv, kan bibellesinga bli nedprioritert. Slik er det i alle fall for meg. Eg les ofte nokre vers i forbifarten, men i kvardagen er det ikkje tid til verkeleg å fordjupe seg i Guds Ord. Det er ikkje alltid lett å halda fast på dagleg bibellesing. Mange har periodar der dei slit med å finne tid, eller der Bibelen sine ord kan kjennest tørre og fjerne. Gud kjenner oss og kampen vår. Jesus veit at vi har det slik, og kallar oss til seg: «Kom til meg, alle de som strevar og ber tunge bører, og eg vil gje dykk kvile» (Matt 11,28). Normisjon har i over 150 år vore ein rørsle som byggjer fellesskap rundt Jesus og Bibelen. Vi er kalla til å bringe evangeliet vidare til nye generasjonar og folkeslag. Men for at vi skal kunne gje vidare, må vi sjølv først bli fylte. Guds Ord er den kjelda vi hentar vår næring frå. Det er her Gud openberrar seg for oss i kvardagen, talar til oss og gjev oss retning. «Ditt ord er ei lykt for mi fot og eit ljos på min sti» (Salme 119,105). Når vi les Bibelen, let vi oss forme av hans vilje og lærer å sjå verda slik Gud ser verda. Bibelen er ikkje berre ei bok vi les – det er ei bok som les oss. «For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tveegga sverd og trenger igjennom til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømmer hjartet sine tankar og planar» (Hebr 4,12). Bibelen utfordrar, trøystar, rettleier og oppmuntrar. Når vi kjenner oss mislukka i bibellesinga vår, kan vi hugse at det ikkje handlar om prestasjon, men om relasjon. Gud møter oss i Ordet, også på dei dagane vi kjenner oss svake eller distraherte. Han seier: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» (2 Kor 12,9). Som fellesskap er vi kalla til å hjelpe kvarandre til å leva av Ordet. Gjennom foreiningar, smågrupper, kyrkjelydar og misjonsfellesskap kan vi oppmuntre kvarandre til regelmessig bibellesing. Kanskje kan vi lese saman? Kanskje kan vi dele våre tankar og spørsmål med kvarandre? «Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre» (Kol 3,16). Det er ein rikdom å få grave djupare i Guds Ord saman. Lat denne andakten vere ei oppmuntring til deg: Set av tid til Bibelen. Ikkje lat Bibelen samle støv på nattbordet eller bli ei app du sjeldan opnar. Gud vil møte deg i sitt Ord – og forvandle ditt liv gjennom det. Og når du fell, reis deg att, for hans nåde er ny kvar morgon (Klag 3,22-23).