Reisebrev frå Impuls 2024

Fredag 24. januar, medan bombesyklonen «Éowyn» var på veg innover vestlandet, forlot turbussen Frekhaug og sette kursen mot Stavanger og IMI-kirken. Etter å ha plukka opp fleire ungdommar i Bergen nærma bussen seg full, og både ungdommane og leiarane var fulle av forventning! Men for reiseleiaren var nok uroen over kva utfordringar uveret kunne stelle i stand på vegen på dette tidspunktet større enn forventingane for resten av helga, men stemninga på bussen var god! Likevel blas «Éowyn» godt nok til at fergene over Boknafjorden vart innstilt frå kl. 18. Derfor vart det ein solid omveg via Ryfylket. Men vi kom oss til Stavanger, og fekk med oss avslutninga av opningsmøtet. Det var godt å være på plass! Impuls Stavanger arrangerast kvart år den siste helga i Januar. Impuls eksisterer for å oppmuntre og utfordre unge menneske til å elska Jesus og være kyrkja. Norkirken Nordhordland har god tradisjon for å arrangere fellesreise frå Nordhordland til Impuls, og har dei siste åra fylt opp ein heil turbuss. I år var pågangen stor både til turen vår og til Impulskonferansen, som var utsolgt allereie før jul! Vi reiste med 41 ungdommar og fire vaksne. Tema for årets konferanse var Ekte. Kva om Guds innsteg ikkje først og fremst er å stille seg i rekka av krav til oss, men at det han er ute etter, er det som er ekte? Det vart invitert heim – til å ta imot Jesus, til å følgje han gjennom livet og kvardagen, og utfordra til bønn – som ein heilt sentral del av vår Gudsrelasjon og som ein måte vi medverkar til Guds misjon i verda. Gjennom helga kunne ein sjå stadig fleire ungdommar ikledd Impuls–merch med påskrifta: «Jesus prayed – I pray» og «Prayer fuels mission». I tida framover inviterast ungdommane og ungdomsarbeida til å sette i gang bøneinitiativ på sine heimplassar. Dette skal leie fram til det Impuls kallar «Hele Norge ber», eit år med kontinuerleg bøn, 24/7, rundt om i landet, der ulike ungdomsarbeid kan ta på seg ansvar for eit par dagar eller ei veke kvar. Gjennom helga var det mange ungdommar som tok imot Jesus for første gong, fleire vart helbreda og mange responderte og fekk forbønn, både av forbedarane og kvarandre. Det var fleire seminarbolkar med ei rekke tema å velje mellom, samt aktivitetar, underhaldning, kafé, stand-gate, og fellesskap med nærare 2500 ungdommar (samt 500 medarbeidarar). I pausen lørdag, fekk vi òg brukt tid saman med vår flokk då vi åt pizza saman på skulen vi overnatta på. Det var ein trøtt gjeng på bussen heimover, etter sein rangling og travelt program heile helga. Men eg er sikker på at mange av ungdommane våre tok med seg nye opplevingar av Gud og/eller det kristne fellesskapet frå Impuls! – Sjølv om vi gjekk glipp av avslutninga òg, då siste møtet vart forsinka som følge av ei brannevakuering under møtet. Det er ei stor glede å følge med på kva Gud gjer mellom ungdommar, vær gjerne med å be for dei! Etter tre år med fullbooka konferansar doblar Impuls Stavanger kapasiteten til neste år med to helger, slik at endå fleire kan få muligheten til å være med.
Bjørnar Sæle, Pastor i Norkirken Nordhordland