Nordhordlandsfest for de unge
Av Bjørnar Sæle
Festen vart opna med Kick off 11.30, med opningsshow, info om dagen og lovsang før det bar vidare på seminar. I første seminarbolk kunne ein velje mellom gutte- og jente-seminar og seminaret «Et liv i frihet» med vitnesbyrd og om et liv som Jesu disippel styrkt av Den heilage ande.









Andre seminarbolk bestod av aktivitetane Volleyballturnering, Swing-kurs og Disc Golf-turnering. Det var god stemning både i gymsal og dansesalen, medan det vart vått for dei som ville ut for å kasta plast.
Dagens talar, Thomas Neteland, holdt seminar i hovedsalen for over 250 ungdommar: «En tid som denne – om å forstå og være kristen i vår samtid». Neteland talte òg på kveldsmøtet om adressa, adgangen og arven vi har som Guds barn, med utgangspunkt i forteljinga om Sonen som kom heim. Kveldsmøtet, i ein fullsatt festsal på Nordhordland fhs, starta med eit opningsshow ved underholdningskomiteen før det haldt fram med lovsang leia av lokale ungdommar.
Det som vart sterkast for underteikna gjennom dagen var ein sofaprat med tre av karane som har vore med å gjere draumen om ein lokal ungdomsfestival til røyndom. Dei satte ord på kraften ved å stå saman som kristne søsken – éi tru, éin Herre, éin familie. Historia inneheldt òg eit vitnesbyrd om å finne tilbake til trua, finne gode kristne vener som kan ha det kjekt saman og saman erfare at Jesus ikkje er ein kjedeleg Jesus. Dei fortalte om å gå i tru på ein draum og idé så god at Gud må få æra for den, og om å kunne bety noko for andre ved å stole på Gud i dette. Samstundes er det òg ein historie om kamp, ein åndskamp, men ein kamp som Jesus allereie har vunnet på korset.
Det var ikkje fritt for at fleire av oss som har fått følgje desse karane på deler av denne vegen fekk tårer i auga både ein og to gonger ila sofapraten.
Møtet holdt fram med forkynnelse, lovsang og respons der mange unge gjekk til forbønn – forbedarane kunne melde om at dei saman med mange unge fekk be Gud om å hjelpe dei til meir heilhjarta etterfølgjing av Jesus.
Utover kvelden var det basar – NF-basar er neppe som alle andre basarar.. – og Silent Disco til midnatt. Dagen vart avslutta i ein stor sirkel der vi sang velsigninga over kvarandre. Det er med stor takknemlighet vi ser tilbake på nok ein vellykka Nordhordlandsfest! Det er spennande å sjå kva Gud gjer – desse unge vitnar om det fleire vitnar om rundt om i landet, og i vesten forøvrig, om at det verkar som om om temperaturen hjå unge etterfølgjarar av Jesus er skrudd opp nokre hakk den siste tida. Så er utfordringa til oss som står rundt, både kyrkjer, ungdomsarbeid og kristne som har gått nokre fleire år med Jesus, om å legge til rette for gode arenaer der ungdommane kan kome med kvardagsliva sine, oppturar og nedturar, bli disippelgjort og invitere med seg sine vener som endå ikkje kjenner Jesus.
Så samlast vi nok til fest igjen neste haust!
Bjørnar Sæle, Pastor i Norkirken Nordhordland