Av Bjørnar Sæle
«Tilbake til gode vaner» slo mot meg frå ein plakat på veg til jobb ein morgon. Etter sommarferiens opphald frå den daglege rytmen, er det viktig å vende tilbake til dei gode vanene. Og då sikter eg ikkje først og fremst til Omega-3 og Magnesium som apoteket ønskjer å selje meg. I kristenlivet er truspraksisar slike gode vaner som gir næring til trua og relasjonane våre – til Gud, kvarandre og verda kring oss. Personlege praksisar som bøn og bibellesing, og kollektive praksisar i store og små fellesskap. Praksis heng saman med teori, noko Paulus byggjer mange av breva sine på. Teologi følgd av respons. Efesarbrevet er ikkje noko unntak. Paulus viser dei kristne i Efesos kva dei har i Kristus og oppmuntrar dei til å leve rett og utan frykt. Efesos var som ein åndeleg «fornøyelsespark» å rekne, med eit mangfald av religiøsitet å velje mellom, og over 50 ulike gudar ein kunne tilbe. Helst burde ein be til alle for å heilgardere seg mot dei ulike åndelege maktene, og forsøke å manipulere desse gudane over på si side. Alt dette i eit konstant strev for å oppnå åndeleg velsigning, i frykt for vonde ånder.
Det kan virke som om mange av dei kristne framleis var redde desse. Var dei ikkje trygge på at Jesus er sterkast? Paulus startar derfor brevet med ei lovprising og takkar Gud for alt han har gjort i Kristus. I han og ved han er dei velsigna med all andens velsigning, utvald til å stå heilage framfor Gud. Dei har fått retten til å være Guds barn, nåde, frihet, tilgivelse for syndene og arverett til hans rike. I han kjem dei til tru og er merka med Den heilage ande. Dette er teorien. Alt dette har Gud gjort for alle som trur på han – I Kristus. Har vi allereie fått all åndeleg velsigning, treng vi ikkje frykte. Paulus slår beina under tanken om at vi må prestere for å oppnå Guds gode gåver. Det er av nåde, berre fordi vi trur. Vår identitet er aleine i Kristus. Ut frå dette oppmodar Paulus dei kristne til å leve ut trua i praksis. Han ber oss leve liv som er verdige kallet vi har fått: mildt, audmjukt og tolmodig, slik at fellesskapet blir bygd opp og styrkt. Vi skal leggje av det gamle og kle oss i det nye livet, der sanning, tilgjeving og gode ord er standarden. Som Guds barn skal vi etterlikna Kristus og leva i kjærleik, rettferd og takksemd, gjera godt og bli fylt av Anden – den same Anden som reiste Jesus opp frå grava. Dette vil sette gode spor i relasjonar: i ekteskapet, i familien og på arbeidsplassen, der vi møter kvarandre med respekt, ansvar og kjærleik. Og når livet blir krevjande, minner Paulus oss om å bli sterke i Herren, ikledd Guds fulle rustning, og halde fast i bønn og Guds ord. Gud har gjort alt, så lev verdige liv. «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei» (Ef 2:10). Kristenlivet handlar ikkje om å prestere, men om å leve i det vi allereie har fått i Kristus. Vi vender oss ikkje til vanene for vanene sin del, men fordi dei hjelper oss å leve liva våre i relasjon til Gud og som ein respons på evangeliet.