Desse er nye regionleiarar

Eivind Lånke Risholm tek over som leiar i region Trøndelag i mai 2022. Ulf Børje Rahm (region Telemark) og Jostein Bildøy (region Sogn og Fjordane) er allerede i gong i den nye jobben som regionleiarar.

I løpet av dette året og neste år vert det skifte av regionleiarar i tre av Normisjon sine regionar. To av dei er allereie i gong.

Tekst: Arne Sæteren – Foto: privat – Publisert: 10.11.21

Jostein Bildøy har bakgrunn frå ulike stillingar i Kristen-Noreg og gjekk frå oppgåva som kyrkjelydspedagog i Flora då han begynte i Normisjon.

Han er sunnmøring, men har budd og jobba i Sogn og Fjordane største delen av sitt yrkesaktive liv. Der har han hatt forskjellige stillingar i fleire kristne organisasjonar og Den norske kyrkja. Lengst fartstid har han som dagleg leiar i Sogn og Fjordane søndagsskulekrins, til saman 18 år var det.

Normisjon har til saman 12 regionar rundt om i Noreg.

Trusopplæring
Jostein Bildøy brenn for barn og unge, og til regionen sine nettsider fortel han om kva som motiverte han til å søkje på stillinga. Han svarar med å halde fram trusopplæring og born og unge.

– Dei treng fellesskap å koma inn i når dei vert unge vaksne, elles fell dei ut av kristne samanhengar. Her har Acta og Normisjon ei unik moglegheit til å leggja til rette for ulike fellesskap og vidareutvikla møteplassar over tid, slik at unge menneske vert verande som kristne og kan veksa i trua, seier han. 

Han set strek under at dette kan skje på fleire måtar, anten i form av samarbeid med Den norske kyrkja og andre organisasjonar eller i form av å byggja sjølvstendige Normisjons-fellesskap og Norkyrkjer.

– Det er alt for få synlege alternativ og reelle moglegheiter for dei som kanskje kunne ynskt å ta del i kristne fellesskap i dag. Og å få vere med og utvikla kristne fellesskap som kan møte den aukande einsemda blant folk i samfunnet, er meiningsfullt. Fellesskapa våre har i tillegg til eit misjonsoppdrag òg eit samfunnsoppdrag, seier han til normisjon.no. 

Pastor og regionleiar
Ulf Børje Rahm har no vendt tilbake til ei stilling som er mykje lik ei han hadde for over tjue år sidan. I mange år var han sekretær i Langesundsfjordens Indremisjonsselskap i Telemark.  

– Drøftinga om ei samanslåing mellom Langesundsfjorden, Indremisjonsselskapet og Santalmisjonen var så vidt i gong då eg slutta, og det var andre som førte forhandlingane fram til ein fusjon og skipinga av Region Telemarki i Normisjon, fortel han.

I 12–13 år var Rahm pastor i Brunlanes frikirke i Vestfold, før han vart pastor i Norkirken i Porsgrunn for ti år sida. Denne stillinga skal nå kombinerast med oppgåva som regionleiar.

– Då fleire medarbeidarar slutta i regionen måtte noko gjerast. Derfor lanserte eg ideen om å få til ei kombinasjonsstilling for å frigjera pengar til barne- og ungdomsarbeidet. Slik blei det, både i Norkirken og i regionen. I regionen er det nå tilsett to nye personar i Acta, fortel han.

Studiepermisjon
Eivind Lånke Risholm har vore Acta-leiar i Trøndelag sidan januar 2018. Dette året har han studiepermisjon. Men han vil og hjelpa regionen med å ta nokre av regionleiaroppgåvene saman med administrasjonsleiar Ola Muan og noverande regionleiar Inger Brit Rødberg. Ho er fungerande regionleiar fram til 1. mai 2022 og går av med pensjon 1. august 2022.

Den nye regionleiaren vart oppmoda av regionstyret til å søkja stillinga.

– Dei såg kanskje noko ved meg som var bra, og eg synest det er ei fin utfordring. Det er flott å arbeida med barn og unge, men det er spanande med eit breiare arbeidsfelt, seier han.

Mellom mange utfordringar i arbeidet peiker Risholm på oppgåvene med å starta nye fellesskap og han gler seg til at dei mellom anna kan arbeida tettare saman med Salem i Trondheim.

Eivind Risholm er frå Sarpsborg og kom til Trondheim for å studera for fem år sida. Han er utdanna barnevernspedagog og nå tek han ei årseining i kristendom som fjernstudent ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger. Han er gift med ei trønderjente, og det er ei av grunnane til at austlendingen har busett seg i Trøndelag.