Norfellesskapet Førde søker pastor i 50%

Er du ein varm og tydeleg leiar med hjarte for forkynning, fellesskap og lokal menighetsbygging? Norkyrkja Førde er ei levande forsamling med røter tilbake til 1880-talet. No ser vi etter ein pastor som vil vere med på å vidareutvikle arbeidet vårt. 

Om Norkyrkja Førde: Norkyrkja Førde er tilknytt Normisjon og blei etablert som sjølvstendig menighet i 2020. Vi har base i bedehuset i Førde sentrum og samlar rundt 40-50 personar til gudsteneste annankvar søndag. Menigheita er ein god miks av ulike aldersgrupper og opplev for tida vekst og utvikling. Normisjon er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med arbeid i 12 regionar i Noreg og i 13 land internasjonalt. 

Sentrale oppgåver: 

  • Lede menigheten sitt arbeid med visjon, planlegging og heilskapleg strategitenking i samarbeid med styret og andre frivillige. 
  • Planlegge og gjennomføre gudsteneste. 
  • Barne og ungdomsarbeid. 
  • Vi ønsker ein pastor som kan vere med på å bygge fellesskap med tydeleg forkynning, varme relasjonar og engasjement for å nå nye med evangeliet. 

Ønska kvalifikasjonar: 

  • Erfaring frå menighetsarbeid 
  • Utrusting som formidlar og leiar i kristent arbeid. 
  • Evne til å bygge menighet og utruste menneske i tru og teneste. 
  • Kunne sjå den enkelte og vere glad i å forkynne – dele Guds ord. 
  • Ha glede av å jobbe både sjølvstendig og som lagspelar med styret og menigheten. ● Teologisk kompetanse. 
  • Grunnleggjande økonomisk administrativ forståing, organisasjonserfaring og driftskompetanse. 

Søkaren må identifisere seg med Normisjons teologiske grunnlag og verdiar, slik desse er uttrykt i Normisjons verdidokument for tilsette. 

Ved tilsetting vil det bli lagt stor vekt på personleg egnethet. Det er svært ønskeleg at den tilsette vil bu i Førde / Sunnfjord. 

Å bu og arbeide i Sunnfjord gir tilgang til noko av den vakraste naturen i landet. Regionen byr på djupe fjordar, mektige fjell og brear, fossar og frodige dalar – perfekte omgjevnader for turar, ski, båtliv og rekreasjon året rundt. Friluftsliv er ein naturleg del av kvardagen her, og mange opplev at det gir både kvile og inspirasjon i ei travel tid. 

Stillinga lønnast i henhold til Normisjons lønnsregulativ. Normisjon region Sogn og Fjordane har det formelle arbeidsgjevaransvaret for stillinga. Stillinga vil innebere ein del kveld- og helgearbeid. 

Tilsetting føreset godkjend politiattest. 

Ønsker tiltreding: Haust 2025

For meir info : Morgan Aarseth Mob.: 90786988 

Søknad , CV og relevante vedlegg sendasr til : fordenormisjon@gmail.com