Søkjer dagleg leiar i 100 %

Utsikt over Fjordby ungdomssenter
Utsikt over leirplassen i Stad kommune.

Normisjon region Sogn og fjordane søkjer dagleg leiar til leirplassen Fjordly ungdomssenter som ligg vakkert til ved fjorden midt i Stad kommune.

Om Fjordly ungdomssenter:

Fjordly ungdomssenter har nærare 100 sengeplassar fordelt på seks hytter. Hovudbygget rommar mellom anna møtesal, matsal og peisestove, og frå matsalen går ein rett ut på ein stor terrasse. Naustet er fylt med båtar av ulike slag, her er både fotball- og volleyballbane, store plenar og fint turområde. Det flotte leikeområdet til Fjordly barnehage, vår næraste nabo, er tilgjengeleg for våre gjestar. Senteret ligg skjerma til med nydeleg utsikt innover fjorden. Retreatsenteret Holmely som ligg like ved, er ein god samarbeidspartnar, og midt i mellom Holmely og Fjordly ligg ei eiga bønehytte. Dei siste 10 åra har både hytter, hus og eigedom blitt oppgradert slik at Fjordly no framstår som eit attraktivt og tidsriktig senter.

Acta arrangerer vanlegvis rundt 10 leirar i året på Fjordly. Fjordly inviterer til samlingar for pensjonistar og familiar gjennom året, i tillegg til basar og fest for frivillige. Konfirmantleirar, kyrkjelydshelger, slektstreff, selskap og overnatting av turistar, er det òg mykje av eit vanleg år.

Dagleg leiar:

Ansvarsområde for dagleg leiar er mellom anna:

  • Planlegge og gjennomføre arrangement
  • Utvikling og vedlikehald av eigedom og tenester
  • Leie nettverk av frivillige
  • Økonomisk ansvar
  • Sal og marknadsføring
  • Personalansvar

Med stillinga følgjer òg eit åndeleg ansvar.

Om ein er personleg eigna, vert vektlagt.

 

Stillinga er i utgangspunktet 100%. Anna stillingsprosent eller deling av stillinga mellom fleire, kan vurderast.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med dagleg leiar Marte-Iren Lade, 473 65 959.

Løn i høve til Normisjons regulativ. Ein må slutte seg til Normisjons verdidokument.

 

Søknadsfrist 01.04.2021. Tilsetjing 01.08.2021.

Send søknad med CV på e-post til: fjordly@normisjon.no