Månadens bønetema

I juli inviterer vi til bøn for misjon i Norge. Bli med på bønelaget i sommar!

I regionane er leirlivet i gong att – be om at unge får møte Jesus på leir. Foto: Illustrasjonsfoto/ adobe.stock.com

Kvar månad har Normisjon eit bønetema knytt til misjonsoppdraget vårt og visjonen «Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag». I juli inviterer vi deg med i bøn for misjon i Norge.

Sommarbønn 

– Vegard Tennebø, du er leiar for misjon i Norge, kva skjer i Normisjon no i sommar?

– I løpet av våren skjøna vi jo at fleire av dei store arrangementa og sommarstevnene ville påverkast av restriksjonar, og det er årsaken til at det er få store stevner i Normisjon i sommar. Sommer i Sør vert i år Bibelcamp i Grimstad i perioden 2.-18. juli. Åpen Himmel har to runder, også i Grimstad, (21.-25 og 26.30. juli) og ei langhelg i nord. (5.-8. august)

– Men for dei fleste regionar er leirlivet i gong att, og det å kunne få samle born og unge til leir igjen er berre utruleg herleg. Det er viktig og kanskje det eg er mest takksam for akkurat no.  

Løfter

– Kvifor skal vi be for misjon i vårt eige land?  

– Bøn er jo ikkje magi, men å opent og ærleg snakke med og vere saman med Jesus. Han har bedt oss om å be, og det er løfter knytt til bøn i bibelen. I Normisjon treng vi å be både for eigen del, men også fordi vi trur vi får spele ei rolle i Guds plan om å kalle menneske til seg sjølv. I den grad vi faktisk trur dette, er bøn for menneske, bygder og byar, miljø og situasjonar det mest naturlege og luraste vi kan gjere.

– Korleis likar du sjølv best å be? 

– Eg er ganske fleksibel i mine bønerytmar. Eg likar godt å ha nokon å be saman med, og det å be over ein open bibel er fantastisk. Her er salmar frå salmanes bok ein fantastisk vegvisar til å finne ord for både glede og begeistring, sorg, sakn og sinne, behov og lengslar. Så har det vorte viktigare med åra å finne ei tid der eg kan sette meg ned og vere stille. For meg er den tida midt på dagen når det er ro rundt meg. 

Bønebehov

– Kva for konkrete bønebehov ser du denne sommarmånaden?  

– Vi må be om at Jesus møter barn og unge som reiser på leir. Vi må be for lokale leiarskap i foreiningar og kyrkjelydar som no planlegg med håp for ein haust der vi endeleg kan samle folk att. Mange av dei eg har kontakt med er t.d. spente på korleis fellesskapet har vorte påverka av pandemiperioden. Så må vi be om at Jesus får tenne ein ny brann i Normisjon for å frimodig bære eit vitnesbyrd ut i samanhengane vi er og bur i. Be også om at Gud må kalle og reise opp menneske som kan starte nye fellesskap i vår røyrsle. Be for det nye landsstyret vårt som vart valt på GF i juli. Be om visdom, klokskap og mot. Og til slutt: be om påfyll og kvile for alle våre medarbeidarar og tilsette på skular, regionar, kyrkjelydar, m.m som tar ut ferie.

Korleis kan nettopp du vere med og be?

Vi inviterer deg til å vere med å be på den måten du vil. Kanskje du er av dei som har ei bøneliste og ber fleire gonger dagleg? Eller kanskje du er ein som ber når du kjem på det? Er det en leir i nærområdet du vil be for de dagane den varer? Eller ein familie på ferie no i juli som du vil følgje i bøn? Kanskje nabolaget eller sjukeheimen i di bygd eller by er det du vil be for no i juli? Eller kanskje fellesskapet du høyrer til og leiarane i det?

Uansett korleis du er vand med å be, eller om du er uvand med å be, så inviterast du med til å vere med i bøn saman med Normisjon.

Relatert innhold

Drømmer om at flere skal bli kristne

Marius Zerle Thesen, Hege Helgen og Elida Drangsland drømmer om å se flere ta imot Jesus i Norge og Europa. Slik deler de troa si med andre. 

Read article "– Gjør evangeliet enkelt!"

Unge mangler verktøy for å dele tro

– Er tiden inne for å justere verktøyene vi gir unge i tråd med et endret samfunnsbilde? Spør Thomas Wilhelmsen, rektor på Acta bibelskole.   

Read article "Unge mangler verktøy for å dele tro"

Ingen trodde at Joy kom til å klare å gå på skole

Ordene til Joy Tujo flyter ikke på samme måte som klassekameratene. Å finne de riktige ordene tar lengre tid. Slik har det vært så lenge han kan huske.

Read article "Nå har Joy (15) fullført 5.klasse"