Nordfjord folkehøgskule fyller 100 år

Friluftsskulen, Nordfjord folkehøgskule, byr på mange fine naturopplevingar for elevane. Her nokre elevar på Flatbreen i Fjærland som ligg meir enn 1000 meter over havet.

Nordfjord folkehøgskule på Sandane var i fleire tiår hoffleverandør av medarbeidarar til Slottet og Skaugum. No fyller skulen 100 år og denne kontakten med kongehuset er ein viktig del av skulen sin historie.

Tekst Arne Sæteren – Foto: Nordfjord folkehøgskule og Harald Undheim – Publisert: 03.10.2023

Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor på skulen, fortel at rekrutteringa til teneste på Slottet og Skaugum starta i 1969 og heldt fram til byringa av 2000-talet. Ei av dei siste som vart rekruttert til husassistent for kongeparet, Yngvild Benestad Tjomsland, er no sosiallærar på skulen.

Når skulen no skal feire sine 100 år, siste helga i oktober, blir dette ein del av historieforteljinga.

«Meir og meir imponert»

Husassistentane fekk sjå eit hardt arbeidande kongepar, og Yngvild Benestad Tjomsland fortel i eit intervju i jubileumsboka Varige spor:

«Eg vart meir og meir imponert over alt dei måtte sette seg inn i og handtere av folk og oppgåver frå time til time. Kvar morgon fekk vi informasjon om kva som stod på programmet. Det inspirerte oss på golvet til å gjere vårt for at Slottet med rundt 100 tilsette fungerte optimalt til ei kvar tid.»

Rekrutteringa til kongehuset blei og omtala i jubileumsboka til 50-årsfeiringa i 1973. Der vert det mellom anna fortalt: 

«I mai 1972 hadde skulen vitjing av kronprinsen sin sekretær, kaptein Barr, som takka for dei 10 ‹stue- eller kjøkkenpiker› skulen hadde skaffa til Skaugum og ‹assistentpiken› til Slottet. Dei hadde vore svært nøgde med desse jentene, sa kapteinen, og han understreka at dei hadde vore pålitelege i tenesta.»

Dei første «stuepikene» frå Nordfjord folkehøgskule til kongehuset. Frå venstre: Signe Tone Eimhjellen (gift Øie), Oddlin Stave (gift Oddland) og Ingrid Lotsberg (gift Norås)

Konsert og fest

Jubileumsfeiringa tek til fredag kveld med konsert med den svenske soul- og gospelsangaren Samuel Ljungblad og held fram laurdag med omvising og ymse aktivitetar på tunet. På ettermiddagen er det festmiddag og om kvelden er det fest med tale av Kjetil Vestel Haga, Normisjon sin generalsekretær. Søndag er det gudsteneste i Vereide kyrkje med påfølgande kyrkjekaffi på skulen.

– Plass til fleire

Hildegunn Gjesdal Tennebø fortel at dei i jubileumsåret har 117 elevar.

– Vi har plass til fleire, men vi er greitt nøgde med dette. Flest elevar er det på linjene Friluftsliv – ski og surf og Friluftsliv KRIK, fortel ho.

Nordfjord folkehøgskule ligg på Sandane i Vestland fylke og brukar undertittelen Friluftsskulen. Men sjølv om fleire folkehøgskular har bytt namn dei seinaste åra, ynskjer ikkje skulen å bytta namn til Friluftsskulen.

– Namnet Nordfjord er eksotisk i seg sjølv, meiner Gjesdal Tennebø, og på skulen si nettside skriv dei:  «Skulen ligg i storslått Vestlandsnatur, og forholda ligg godt til rette for eit allsidig friluftsliv.»

Tetta lekkasjar

Etter mange år med planar, skrinlegging og nye rundar fekk skulen i vår ei sårt tiltrengt oppgradering og utviding av hovudbygningen. No har skulen fått tetta alle gamle lekkasjar på taket, utvida matsalen og skapt mange nye mingleområder for elevane. Sjølve bygginga er finansiert gjennom lån og oppspart eigenkapital. Bygningen hadde ei ramme på 19 millionar.