Sel munnbind frå døropningar

Offisielt er litt over 6000 døde av koronaviruset i Ecuador, uoffisielt er det nok langt fleire. For folk flest er livet etter koronaviruset prega av restriksjoner og dårleg økonomi.

Matutdeling i Ecuador. Foto: Normisjon.
Publisert: 25.09.2020
Tekst: Åse Rosvik

Marco Ledesma har fått merke krisa på lommeboka. Arbeidsplassen hans vart stengd i fleire månader, og ei tid vart løna hans redusert med 25 prosent. Kona hans er arbeidsledig, så dei må tenke nytt. «Vi sa opp leiligheta og flytta til svigermor. Sjølv om vi greier oss godt, må vi spare», seier Marco.

No er han dagpendlar, og gler seg over at menigheten er i gang med gudsteneste på Zoom. Marco og Danny er blant dei heldige.

Koronaviruset har ført over 600 000 menneske ut i arbeidsløyse dei siste månadane. Gatesalget blomstrer. Sitron og mandarin blir solgt frå midtrabbatter, klesplagg og munnbind frå døropningar.

Sjølv om det kan vere utfordrande å vite akkurat kor mange som har døydd av koronaviruset i Ecuador har det det siste året blitt registrert 28 000 fleire dødsfall enn året før.

Digital undervisning fra skulen i Tambo

Rektor på skulen i Tambo, Martin Romero, er klar for skulestart. Undervisninga skal skje over internett. «Vi har investert i framviserutstyr og satser på å bruke klasseromma som «studio» for undervisninga», fortel Romero. «Fleire av elevane manglar utstyr. Andre følger undervisninga via smarttelefon, og mobildata. Det fungerer halvvegs. Mykje er basert på sjølvstudium og oppgåvelevering.

For dei minste blir det tøft», seier han før han lanserer idéen: «Kanskje kan enkelte få lov å følge undervisninga på skulen med ansiktsmasker og god avstand?». Til det må skulen få autorisasjon. «Vi tenker å jobbe saman med foreldra til dei yngste, og følge opp med heimebesøk. Men korleis får vi vist omsorg til migrasjonsbarna? Og korleis kan skulepresten jobbe?» Heile lærarstaben har fått reduksjon i løna. Dei håpar sjølvsagt at det bare blir kortvarig.

Husfellesskap og digitale samlingar

Kyrkjene prøver å vere kreative. Planlagde kurs blir gjennomført via Zoom eller Facebook. Liturgi for gudstenester blir delt ut til husfelles- skap. Barnegruppene legg ut teiknin- gar av den Gode hyrde frå samlinga dei har over internett. Og familiene inviterer slektingar. Nye blir kristne! Leiarane prøver også å halde kontakt over telefonen for trøyst og oppmuntring.

Felipe Guaman fortel om vanskar med å organisere kurs i kichwa-kyrkjene. Der er det fint å kunne bidra med utdelinga av matvarer. Med to fullasta pickuper reiste han først til Shushil- con med mat til 140 familiar. Deretter ein ny runde frå heim til heim i Cañar.

Denne familien er glade over maten dei fekk på matutdeling. Mange strevar som følgje av koronaviruset i Ecuador. Foto: Normisjon.

Det er mange som strevar. No starter andre etappe i lutherske menigheter over heile landet. Rundt 400 familiar har blitt velsigna med mat på bordet. «Gud har vore trufast. Vi har ikkje mangla brød», takkar Marta frå Quito. Og Joselyn stemmer i:

«Då matposane kom på døra, hadde vi berre eit par gulrøter og ein løk igjen. Men vi har klart oss!»

Joselyn

Menigheten deler bøneemne på slutten av guds- tjenesta. Fleire kan fortelle om dødsfall i familien, om familier som er smitta og redselen for å bevege seg i gatene. Med gråt i stemma fortel ei mor om dårleg råd og lite håp om å skaffe seg arbeid.

Felipe er ein av dei som har mista eit familiemedlem. Onkelen Gabriel Pichazaca døde i starten av august. Sjølv var han blind som følge av diabetes. Tapet av ein markant leiar i kichwakyrkja er stort. Gabriel jobba fleire år som evangelist i Radio la Voz de Ingapirca. Deretter var han pastor og er ein av grunnleggarane av skulen i Tambo. Dei siste åra har han frivillig produsert radioprogram.

«Fest blikket på Kristus!» skreiv han nyleg i ein kommentar om smittefaren. Det er eit godt råd, også for å kunne takle denne nye normalen.


Saken sto opprinnelig på trykk i Ferskvare 3/2020.

Ønsker du å få Ferskvare gratis tilsendt i Posten? Du kan opprette et abonnement her.