Symbol eller verkelegheit?

Trua på Jesu oppstode frå dei døde er sjølve livsnerven i vår kristne tru. Ikkje symbolsk eller som ein filosofisk idé, men ei ekte sanning.

Tekst: Vegard Tennebø – Foto: Cdoncel on Unsplash – Publisert 05.04.23

Påska feirar vi ikkje fordi vi krampaktig søkjer å halde liv i arven etter ein stor, god og klok mann som døde på eit kors for 2000 år sidan. Nei, påske feirar vi fordi Gud reiste Jesus opp frå dei døde. 

Døden døde, Jesus sigra og livet vann. Ikkje symbolsk eller som ein filosofisk idé. Heller ikkje som psykologisk terapi eller poetisk metafor. Men heilt fysisk på ekte og verkeleg.

Grensesprengande gudsverk

Joda, Jesu oppstode dirrar i vårt djupaste sjeleliv og resonnerer i alle krinklar og krokar av den menneskeleg psyken. Oppstoda pressar fatteevna vår til yttergrensene og vi må ty til poesien for å prøve å skildre den.

Det er ikkje ein einaste ting i vårt menneskelege erfaringsregister som påskehendingane ikkje kan møte og berøre, treffe og berike.

Og kanskje nettopp derfor er det så lett å redusere oppstoda; dette rå og grensesprengande gudsverket, om til ein menneskesentrert metafor for motivasjon og trøyst. 

Sigerstegnet 

Det er ikkje ei heilt uvanleg erfaring å høyre forkynning ein påskemorgon der oppstoda er lagt ut som ein type «etter vinteren kjem våren» eller «bak skyene er himmelen alltid blå» eller «det går bra til slutt» metafor.

Utan kobling til langfredag og Jesu død, er det kanskje det beste ein kan få ut av påskemorgonen. 

For på krossen tek Jesus som sann Gud og sant menneske eit endeleg oppgjer med synd, død og djevelen. Han ber bort det som skil oss frå Gud og opnar ein veg tilbake til Gud. 

Oppstoda er slik sigerstegnet; beviset på at Gud sjølv har skaffa oss ei frelse vi med omvending og tru kan få tre inn i. Oppstodedagen er den første dagen i Guds nye verden, ein verden der Jesus Kristus er Herre og Konge. Å tru på Jesus er å leve i denne verkelegheiten med heile livet sitt.

«Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar». (1 Kor 15,14)   

Vi har alle draumar og utfordringar

Eg har jobba lenge nok som prest og pastor til at eg veit at vi alle har våre problem og draumar. Når eg snakkar med folk som er sinte, redde eller triste – sorgfulle, skuffa eller vonbrotne, meiner eg å sjå at det underliggande behovet hos alle, er behovet for fornying og vitalisering.

Vi lengtar etter å erfare oppstoda i alle livets områder. 

Jesus seier i Åp 21,5 «Sjå, eg gjer alle ting nye».

Det både forklarar og svarar på denne tørsten etter oppstoda: 

  • Om eg berre kunne ta tilbake det eg har gjort eller sagt.
  • Om eg berre kunne samla saman dei siste vekene og brent dei opp og starta på nytt. 
  • Om eg berre kunne få min gamle figur tilbake, mitt rynkefrie ansikt og glansfulle hår tilbake … om eg berre kunne gå tilbake. 

Jesus kjem med liv

Det er ein tørst etter fornying blant oss alle. Og midt i dette kjem Jesus og seier: 

«Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leve om han enn døyr.» (Joh 11,25) 

Jesus tek oss ikkje ut av det vonde med ein gong, men kjem med liv inn i det som er prega av og merka av dødskreftene sine herjingar – som eit frampeik mot di og mi oppstode ein gong der framme. 

Det skal få tenne håpet i oss. Gjere oss uthaldande. Då kan gleda og takken få gå hand i hand med både sorg og smerte.  Enn så lenge er vi her. 

Jesu stod opp frå dei døde! Fysisk. Historisk. Faktisk. Oppstodehistoria er ikkje livsløgna vi fortel oss sjølv. men den sannaste verkelegheit, gjeve av Gud: med kraft for dagen i dag – og for æva! 

God påske! 

Helsing Vegard Tennebø 

laiar for Normisjon i Norge