Nye moglegheiter i Tambo

På reportasjetur til Tambo-skulen møter vi rektor med ein stor papirbunke i handa. Han er på veg for å levere søknad om å opprette ny studielinje på vidaregåande.

15. april 2019
Tekst og foto Åse Røsvik

For så vidt er rektor Miguel Delgado godt fornøgd med linja i allmennfag som Mushuk Kawsay  alt tilbyr, men så har utdanningskontoret pressa på for eit yrkesretta tilbod. Dermed starta arbeidet med planlegging, som resultaterte i ein fyldig søknad om godkjenning av datateknologi som ny studielinje frå neste skuleår.

Ei gruppe tiandeklassingar er samla på datarommet. Neste år startar dei på vidaregåande.  Er det bra å få datalinje? Dei nøler litt. Eigentleg tenker dei sjølve å søke på allmennfag. 

– Då får vi fleire moglegheiter etter vidaregåande, seier Joselyn som raskt blir talskvinne.

– Men somme har lyst til å bli dataingeniørar. Dei ønsker kort utdanning for å kome raskt ut i jobb. Kanskje vil datalinja trekke nye søkarar til skulen?

I gruppa på åtte femtenåringar er yrkesplanane varierte. Fotballstjerna i flokken, Bryan, vil satse på fotball. Det er fleire klubbar i naboprovinsen som har profesjonelle spelarar, fortel han,  og så finns det  mange fotballskular  som treng instruktørar. Angel vil studere medisin og bli lege. 

Luis ønsker å studere musikk etter vidaregåande. Kanskje lære å spele charango og slagverk.  Musikk var faktisk eit av alternativa som vart vurdert som ny linje. Det er stor marknad for grupper som blir leigd inn til både private arrangement og til dei utallige bygdefeiringane. Men det er usikkert om interessa er stor nok til å opprette ei musikklinje i småbyen Tambo. Derfor valde skulen å gå for datateknologi og allmennfag. 

Tilleggspoeng for kichwa
Joselyn er bestemt på at ho skal bli politi. Etter vidaregåande skal ho søke på politihøgskulen, ei av dei mange seksårige høgskuleutdanningane i Ecuador. 

– Då er det ein fordel å vera tospråkleg. Det gir ekstrapoeng. Ingen av dei andre skulane i området underviser i kichwa, fortel ho.  Dermed gir ho også Mushuk Kawsay eit «tilleggspoeng». Det å løfte kultur og språk har betydning også for utdanning og yrkesvalg.

Frå skuleprest til faglærar
Av 41 tiandeklassingar er faktisk meir enn halvparten interessert i datafag. Foreldrerådet har starta innsamling for å kjøpe inn meir datautstyr og to av lærarane ved skulen er utdanna dataingeniørar. Dette kan bli bra. Både Fransisco og Jose Julian er positive til nye utfordringar.  

– Det gir oss moglegheit til å jobbe med faget vårt, og halde oss oppdatert. I datateknologien skjer ei kontinuerlig utvikling, seier Fransisco. 

Begge to har arbeidd ved skulen nokre år. Dei identifiserer seg med skulen og tar gjerne eit tak for at den skal utvikle seg. Fransisco var tidlegare skuleprest og er no sekretær. Julian har fungert som skuleprest dei siste 2 åra og er lærar i verdifag/bibelfag.

– Eg takkar Gud for moglegheita til å jobbe på Mushuk Kawsay, seier Julian. 

– Det var vanskeleg i starten, men det er fint å jobbe med ungdomar. Somme har med seg kristne verdiar frå heimen. Andre seier åpent at alt dette med Gud og kyrkje er absurd. Så eg må skjerpe meg. Eg ser at enkelte blir forandra. Og så lærer eg av å undervise. Begge deler er fint!   

Aslak Werner Dahl og Nicolai Hübschle var studenter på Gå Ut Senteret og hadde praksis ved Mushuk Kawsay i 2018/2019

Volontørar på skuleplassen
Aslak Werner Dahl og Nicolai Hübschle frå Gå Ut Senteret  er volontørar på Mushuk Kawsay. Begge er assistentlærarar i engelsk, Aslak for dei eldste og Nicolai i barneskulen. Det trivs dei godt med, sjølv om det er frustrerande å sjå at engelsk er eit «puggefag», der elevane ikkje lærer å bruke språket.

Til gjengjeld er det topp at dei sjølve får lære og praktisere spansk!

Det er spennande å lære om kultur og folk, men overraskande at også kulturen i klasserommet er annleis.

– Vi anbefaler volontørteneste, seier dei samstemt.

Relatert innhold

Fra litt over 37 til 700 - tweensfestivalen som vokser

Et rykte har spredd seg om den spirende festivalen i Norges 11. største kommune.

Read article "Festivalen som vokser"

Ett misjonærbarns historie

Ben Iveland lovet sin far å ikke fortelle offentlig om de vonde opplevelsene fra barndommen før faren var gått bort. Nå deler han sin historie med Agenda 3:16.

Read article "Frykt ikke, bare tro"

Pensjonisten som vil hjelpe unge mennesker

Finn Kolnes hørte en ung gutt fortelle hvordan han hadde kommet til tro, og gjorde en avtale med Gud.

Read article "For alltid en ressurs i Guds rike"