Når Sunnfjord Folkehøgskule til hausten startar ei linje med vektløfting er det med Stian Grimseth, president i Norges Vektløfterforbund, som lærar.

Tekst: Arne Sæteren – foto: Jostein Vedvik
Det er Normisjon som eig og driv skulen, og den nye linja har fått namnet Vektløfting & Functional Fitness. I ei pressemelding fortel skulen: «Saman med Norges vektløftarforbund, Tambarskjelvar IL og Spenst Førde ynskjer skulen å bygge eit treningsmiljø rundt vektløfting og Functional Fitness etter modell frå volleyballinja ved skulen. Dei siste åra har Sunnfjord Folkehøgskule hatt rundt 40 elevar som går på volleyballinja. Ein stor del av desse finn ein seinare att i breiddevolleyballen i Noreg. I tillegg er det i dag over 20 utøvarar i eliteserien som har gått på skulen og fem tidlegare elevar er i dag er proffar i utlandet.»
Kjend vektløftar
Stian Grimseth er tilsett som lærar for linja, og i pressemeldinga viser skulen til Grimseths lange og meritterte vektløftarkarriere med EM-gull, ti kongepokalar og at han vart tatt ut til tre olympiske meisterskap:
«Han var trenar for Solfrid Koanda som tok OL-gull i Paris 2024. Sidan 2019 har han vore president i Norges Vektløftarforbund. Under VM i Bahrain i 2024 vart han tildelt det internasjonale vektløftarforbundet sin IWF Gold Collar Lifetime Award av president Mohammed Jalood og generalsekretær Antonio Ursu. Grimseth fekk prisen for sitt lange og viktige bidrag til vektløftingsidretten, både som aktiv utøvar og gjennom arbeidet med å fremje idretten i Noreg og internasjonalt», fortel skulen.
Imponert over skulen
– Dette er eit veldig bra tilbod eg gjerne vil være med på. Eg kjenner til volleyball-linja ved skulen, som er modell for den nye linja, og eg er imponert over kva Sunnfjord Folkehøgskule har fått til med volleyball, fortel Stian Grimseth til normisjon.no.
– Det å kunne jobbe med ungdom og noko dei interesserer seg for, ser eg fram til. Dessutan veit eg at folkehøgskulane betyr, og har betydd mykje for mange unge, seier han.
Stian Grimseth fortel at han har eit kristent livssyn og at han synes det er verdifullt å kunne arbeide på ei kristen skule.
– Det betyr veldig mykje for skulen å få Stian Grimseth med på laget. Han har ei høg stjerne innan vektløftarmiljøet. Han er «mister-vektløfting» og har høg kompetanse. Han brenn verkeleg for faget. Dessutan deler han skulens grunnsyn og våre verdiar, fortel rektor Jon Olav Leira.
– Positivt oppfatta
Leira fortel vidare at den nye lina har plass til 15 elevar og at den første søknaden allereie har kome. Sist helg var Stian Grimseth med på NM i vektløfting på Hitra, og han fortel at han fekk snakke med både utøvarar og leiarar om det nye tilbodet på Sunnfjord Folkehøgskule.
– Dette tilbodet blei oppfatta positivt og nokon ymta frampå at dei hadde kandidatar til denne linja, fortel Grimseth.
Undervisning på treningssenter
Jon Olav Leira fortel at undervisninga skal gå føre seg både på skulen og treningssenteret Spenst Førde.
– Vi har eiget treningssenter på skulen, men har ikkje vektløftarutstyr. Den delen av undervisingen skal være på treningssenteret mens teorifaga blir på skulen. Eit par kveldar i veka får vektløftarelevane også tilbod om å trene saman med medlemer i Tambarskjelvar IL i klubbens vektløftarhall, fortel Jon Olav Leira og legg til:
– I fjor var Stian Grimseth VM-general for vektløftarmeisterskapen i Førde, og då var vi vertskap for mange tilreisande til meisterskapen. Denne linja vert etter Grimseth sitt syn ein del av arven etter VM.