Norkyrkja Førde søker pastor i 50% stilling

Norkyrkja Førde søker:
Pastor i 50% stilling, med moglegheit for meir.
Er du ein varm og tydeleg leiar med hjarte for forkynning, fellesskap og lokal menighetsbygging? Norkyrkja Førde er ei levande forsamling med røter tilbake til 1880-talet. No ser vi etter ein pastor som vil vere med på å vidareutvikle arbeidet vårt.
Om Norkyrkja Førde: Norkyrkja Førde er tilknytt Normisjon og blei etablert som sjølvstendig menighet i 2020. Vi har base i bedehuset i Førde sentrum og samlar rundt 40-50 personar til gudsteneste annankvar søndag. Menigheita er ein god miks av ulike aldersgrupper og opplev for tida vekst og utvikling. Normisjon er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med arbeid i 12 regionar i Noreg og i 13 land internasjonalt.
Sentrale oppgåver:
● Lede menigheten sitt arbeid med visjon og planlegging i samarbeid med styret og andre frivillige.
● Planlegge og gjennomføre gudsteneste.
● Barne og ungdomsarbeid.
● Vi ønsker ein pastor som kan vere med på å bygge fellesskap med tydeleg forkynning, varme relasjonar og engasjement for å nå nye med evangeliet.
Ønska kvalifikasjonar:
● Erfaring frå menighetsarbeid
● Evne til å bygge menighet og utruste menneske i tru og teneste.
● Kunne sjå den enkelte og vere glad i å forkynne heile Guds ord.
● Ha glede av å jobbe både sjølvstendig og som lagspelar med styret og menigheten.
● Teologisk kompetanse.
● Grunnleggjande økonomisk administrativ forståing og driftskompetanse.
Søkaren må identifisere seg med Normisjons teologiske grunnlag og verdiar, slik desse er uttrykt i Normisjons verdidokument for tilsette.
Ved tilsetting vil det bli lagt stor vekt på personleg egnethet. Det er svært ønskeleg at den tilsette vil bu i Førde / Sunnfjord.
Å bu og arbeide i Sunnfjord gir tilgang til noko av den vakraste naturen i landet. Regionen byr på djupe fjordar, mektige fjell og brear, fossar og frodige dalar – perfekte omgjevnader for turar, ski, båtliv og rekreasjon året rundt. Friluftsliv er ein naturleg del av kvardagen her, og mange opplev at det gir både kvile og inspirasjon i ei travel tid.
Stillinga lønnast i henhold til Normisjons lønnsregulativ. Normisjon region Sogn og Fjordane har det formelle arbeidsgjevaransvaret for stillinga. Stillinga vil innebere ein del kveld- og helgearbeid.
Tilsetting føreset godkjend politiattest.
Ønsker tiltreding: 2026
For meir info : Morgan Aarseth Mob.: 90786988
Søknad , CV og relevante vedlegg sendast til : forde.normisjon@gmail.com