Kyrkjelydsvekst i Ecuador

For 5 år sidan starta fire familiar sin eigen kyrkjelyd i byen Cuenca. No tel YESHUA meir enn ti familiar.

Skrevet av: Åse Røsvik. 15. desember 2017

Pastor Cesar forkynner for kyrkjelyden. Foto: Åse Røsvik

Før dei starta kyrkjelyd saman hadde Cesar Tenecora gjennomført bibelstudie i desse familiene i eitt år. Cesar og familien leiger no eit hus, der heile første etasje er sett av til kyrkjelyden: Møterom, kontor og kjøkken, i tillegg til patioen der søndagsskulen har samlingar. Kun soveromma i andre etasje er reservert for familien Tenecora.

Kyrkjelyden består no av rundt ti familiar, trass i at fem familiar som var med i starten har flytta. Fleire av dei har migrert til USA. Det gjorde også Pedro Matute og familien, sjølv om dei framleis reknar seg som medlemar. YESHUA er kyrkjelyden dei identifiserer seg med. Det viser Pedro gjennom å støtte økonomisk når det er ekstra trong, som då kyrkjelyden trengte ei berbar datamaskin. Ein dag håper han å vera tilbake der familien starta som kristne.

– Det er best å starte evangeliseringa i heimane, seier Cesar. – Etterkvart våger dei nye å ta skrittet over terskelen. Så kjem dei til gudsteneste. Heile familien blir med, fordi alle var med frå starten.

No har tre av mennene ansvar for besøksteneste i nye familiar. Resultatet er to nye familiar til kyrkjelyden den siste tida. Ein av mennene, Pinargote, arbeider i byens fotballklubb, og inviterer tilflytta fotballspelarar på besøk i kyrkja. Det er populært blant dei yngste!  

– Til hausten skal YESHUA starte fem evangeliserande bibelgrupper, fortel Cesar smilande. Nye andlet dukker altså snart opp i benkeradane. Det er eit kjenneteikn for denne gruppa. Evangeliet når ut, for YESHUA er i bevegelse.

Det er ei utfordring å halde til i leigde lokaler. Brått må YESHUA ut på husjakt igjen. Derfor drøymer Cesar om ei lita tomt der kyrkjelyden kan reise ei kyrkje. Ei slik investering er eit ekstra løft for ein ung kyrkjelyd. Mykje må baserast på dugnadsinnsats, men på sikt skaper ei slik satsing tilhøyre og stabilitet.

Vi ber for: Kyrkjelyden YESHUA i Cuenca

Prosjekt: Menighetsbygging og evangelisering i Ecuador
Prosjektnummer: 502 012Teksten sto opprinnelig på trykk i Ferskvare 3/2017

Relatert innhold

Publisert: 20. oktober 2025

Galleri Normisjon skifter navn

Galleri Normisjon skifter navn. Fra i dag heter gjenbrukskjeden Bevar.

Read article "Galleri Normisjon blir BEVAR"
Publisert: 19. oktober 2025

Fra teoretisk svar til praktisk hjelp

Da moren døde av kreft, opplevde Martin Augestad at trosforsvar ble en praktisk hjelp til å håndtere sorgen. Nå brenner han for at ungdommer skal forstå hvorfor Jesus er verdt å bygge livet sitt på.

Read article "Fra teoretisk svar til praktisk hjelp"
Publisert: 17. oktober 2025

Elsket av Gud – sett av SAT-7 KIDS

Barn og unge i Midtøsten bærer på drømmer, håp og utfordringer, men mange av dem møter også krig, fattigdom, barneekteskap og forfølgelse. Gjennom SAT-7 KIDS får de en stemme, et fellesskap og håp.

Read article "Elsket av Gud – sett av SAT-7 KIDS"