Ny hovudeigar skal styrkje Innvik Fjordhotell

Næringslivsaktør Per Sævik blir ny hovudeigar i Innvik Fjordhotell. Samtidig held Normisjonsforeiningane i Nordfjord og Normisjon region Sogn og Fjordane fram som eigarar med 49 prosent av aksjane.

Per Sævik går inn som ny hovudeigar i Innvik Fjordhotell. Samtidig held Normisjon fram som ein sentral medeigar i hotellet.

Per Sævik har gjennom selskapet Pison AS kjøpt seg inn i Innvik Fjordhotell AS. Etter aksjeutvidinga vil Pison AS eige 51 prosent av selskapet, medan dei eksisterande eigarane frå Normisjon vil sitje med dei resterande 49 prosentane.

Innvik Fjordhotell ligg i Innvik i Nordfjord og har sidan oppstarten vore eigd og drive med forankring i lokale Normisjonsforeiningar.

Skal styrkje vidare utvikling

Styreleiar Svein-Ottar Sandal meiner den nye eigarstrukturen vil gi hotellet eit sterkare grunnlag for vidare utvikling.

– Gjennom at Per Sævik kjem inn i selskapet får vi tilført både kompetanse og kapital som er viktig for den vidare utviklinga av hotellet, seier Sandal.

Han peikar på at Sævik deler dei sentrale verdiane som hotellet er bygd på, og at han har brei erfaring frå både næringsliv og reiseliv.

Vil vidareføre profilen

Innvik Fjordhotell er både eit turisthotell og eit hotell for misjonsarbeid. Hotellet er ein viktig møtestad for kristne organisasjonar, samtidig som det spelar ei viktig rolle for lokalsamfunnet i Innvik og indre Nordfjord.

– Desse oppgåvene skal vi framleis ta vare på. Det har også vore viktig for eigarane å vidareføre den lange tradisjonen som avhaldshotell, seier Sandal.

For Per Sævik er investeringa ein del av ei satsing på hotell med ein tydeleg profil retta mot dette marknadssegmentet.

– Eg deler verdiane som hotellet byggjer på som misjons- og avhaldshotell, og er overtydd om at det ligg gode moglegheiter i å vidareutvikle denne profilen, seier Sævik.

Nytt styre

På den ekstraordinære generalforsamlinga vart Svein-Ottar Sandal vald til styreleiar. Per Sævik går også inn i det nye styret.

Les mer her