Tar ansvar i søndagsskulen

Det er karnevalshelg og gudsteneste i sentralkyrkja i Cañar. Barn, unge, foreldre og besteforeldre har møtt opp.

Tekst og foto Åse Røsvik

Stor glede på og mykje moro på karnevalshelg.

Fleire av dei unge studerer, men kjem til Cañar i helgene. Ei av dei er Carolina Hidalgo som er 21 år og veterinærstudent. Det siste halvåret har ho hatt hovedansvaret for søndagsskulearbeidet, etter ein lengre periode utan barnearbeid i kyrkja.

– Eg var medhjelpar på ferieskulen no i august. Etterpå vart eg utfordra til å vera hovedleiar for søndagsskulearbeidet, forklarer Carolina.

– Vi har nettopp laga årsplan med temabolker utover året. Ein gong i månaden skal vi ha spesialprogram. I dag er det karnevalsfest. Til påske skal vi øve inn drama… ja, og så har vi tenkt å lage til ein liten barneleir på slutten av året.

Carolina har ordna med små kremtopper på papptallerkener. Jonathan stiller quiz-spørsmål: «Kor mange vegar er det til Gud?» «Ein», roper dei i kor. Det blir forvirring på spørsmålet om kva som er VEGEN. «Sanninga? LIVET?» Alle ler godt når kremen blir trykt inn i fjeset på den uheldige deltakaren. 

Til neste konkurranse kjem vannballongane fram, og deretter maizenamjølet – slik det skal vera i karneval. To lag stiller i rekke og maizenamjølet går raskt over hovudet bakover til sistemann. Litt vanskeleg å sjå kva lag som vinn, men i alle fall blir dei våte, lattermilde barna dynka med mjøl.

Nysatsinga i kichwakyrkjene har barn og unge i fokus. For evangeliet skal videre: over den store generasjonskløfta og via unge som tek ansvar for neste generasjon.

Vi ber for: Søndagsskulen i Cañar

Gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet i Ecuador her!

Teksten sto opprinnelig på trykk i Ferskvare 1/2018