Tre disipler i Ellevte gate

– Eg ville begynne på Bibelinstituttet, og så starta dei disippelkurs her hos oss. Det var eit bønesvar.

17. oktober 2018
Tekst og foto Åse Røsvik

For 5 år sidan vende Leslie, som fortel dette, tilbake til kyrkja si, Nye Jerusalem i Ellevte gate i storbyen Guayaquil. Her vart ho med i Soul Children-gruppa.

Josue kom omtrent samtidig. Han kjende ikkje kirka, men Soul Children var topp. Så gjekk det slag i slag. No er han og resten av disiplane klare for praksisbiten. Dei gler seg.

– Praksisen blir i cellegrupper, fortel Kimberley. – Vi skal invitere vener og kjende frå bydelen og lede eit bibelstudie. 

Denne søndagen har dei bedt for kvar enkelt på lista over inviterte. Dei trur ikkje det blir vanskeleg å få dei med. 

Kva har dei lært på kurset?  

– Vi involverer oss i menigheten, seier Josue. Her var mange behov. No har vi fleire møtepunkt og aktiviteter. I ferien samla vi 40 barn frå gatene rundt kirka til bibelstudie og leik. 

– Det er bra at vi kjem utav komfortsona vår. Då veks både vi og kyrkja, avslutter dei samstemt.

Vi ber for: Bibelstudiene i Ellevte gate

Du kan gi en gave til prosjektet her.

Artikkelen sto opprinnelig på trykk i Ferskvare 3/2018